Grove middagspannekaker med blåbær & bacon

Heisann!

Det er ikkje berre eg som har vokse opp med pannekaker, blåbær og bacon vell? Det var ein av mine favorittmiddager når eg var liten, og jubelen var alltid stor når det var pannekaker på menyen 🙂 No i voksen alder lager eg dei litt grovare, velger gjerne magert bacon (dette synes eg og smaker bedre, type filetbacon) og sukkerfritt blåbærsyltetøy som tilbehør. Ein klassisk middag, eventuelt kveldsmat, som vertfall eg kjem til å lage igjen i nærmaste framtid – for no frister eg meg sjølv her, hehe 😉

Du trenger, ca for 2 personer
♦ 2 egg
♦ 2,5 dl melk
♦ 65 g havremjøl
♦ 65 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
♦ 1 ts bakepulver
♦ 1/2 ts salt
♦ smør eller olje til steiking

Tilbehør
♦ stekt bacon og blåbærsyltetøy

Slik gjer du:
Bland ingrediensane til pannekakerøra til ei jevn og klumpfri røre, la den svelle i 5 minutt. Steik tynne og gylne pannekaker på litt over middels varme i steikepanna. Steik deretter baconet, og server pannekakene med bacon, blåbærsyltetøy og eventuelt anna tilbehør du liker. Eg pleier også å bruke litt cottage cheese!

Velbekomme 🙂

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *