Grove pestosnurrer med dobbel ost

Hei!

Gjærbakst til folket! Det har eg lært meg at dåkke digger i motsetning til meg, haha 😉 Men desse pestosnurrane her med fetaost og vanlig ost trur eg de kjem til å like! Lettvinte å lage (eg lover dåkke, denne deiga her er virkelig superenkel å jobbe med!), saftig resultat og snurrane passer like godt i matpakken som turmat, til middag eller tilbehør til suppe & salater♥

Du trenger, ca 30 stk
100 g smør
6 dl melk
1 pk tørrgjær
1 ts salt
1 ts sukker/honning
400 g havremjøl (eller anna grovt mjøl)
450-500 g sikta speltmjøl/kveitemjøl

200 g grønn pesto
200 g fetaost i blokk
400 g raspa ost
1 bunt vårløk
valgfritt krydder – eg brukte grovkverna chili og pepper

Slik gjer du:
1. Smelt smør, tilsett melk og varm blandinga til den er ca. 37 °C. Visp inn gjær, salt og sukker/honning.

2. Ha blandinga over i en eltemaskin og tilsett havremjøl, deretter litt og litt speltmjøl/kveitemjøl til en glatt og fin deig. Må du bruke litt meir mjøl, så gjer du det. La deiga elte i 5-10 minutt. Sett deiga til heving og hev til dobbel størrelse, ca. 1 time.

3. Del deiga i to og kjevle ut til to rektangel (lettare å håndtere enn ein kjempestor). Smør på pesto, ha over smuldra fetaost, hakka vårløk, raspa ost og krydder. 

4. Rull sammen langsida, skjær opp og plasser på to-tre steikebrett med bakepapir. Etterhev i ca 1 time før du steiker eit og eit brett midt i ovnen på 200 grader i 10-15 minutt, til dei er gylne. Avkjøl på rist. Snurrane kan fint frysast!


Noke lage denne veka? 🙂

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 kommentarer

  1. Nice and delicious recipe.

    1. Thats good 🙂