Annonse
14. desember 2021
Heimelaga, sukkerfri gløgg
Skal eg fortelle dåkke noke? Eg har faktisk aldri likt gløgg, men det var før eg lagde denne heimelaga varianten i 2017♥ Å lage gløggen sjølv er superenkelt, og det smaker virkelig SÅ mykje bedre!
Eg har laga min gløgg sukkerfri, men du kan sjølvsagt bruke vanlig solbærsaft også. Den krever litt krydder for å få dei riktige smakane, men alle ingrediensane finner du på dagligvarebutikken!
PRØV, du vil ikkje angre 😀
Du trenger, 3-4 kopper:
2 dl sukkerfri solbærsaft*
6 dl vatn
2 stjerneanis
1 kanelstang
10 nellikspikre
3-4 skiver ingefær
1/2 vaniljestang, del i to og skrap ut frøa
eit dryss kardemomme
1 klementin, skrelt og delt i skiver
*Eg har brukt sukkerfri solbærsaft fra Lerum som eg synes er kjempegod. I oppskrifta fra 2017 brukte eg ZerOh sin saft med solbær og ingefær, men denne trur eg ikkje er på markedet lengre. Visst du derimot finner denne, så kan du bruke den og droppe fersk ingefær i oppskrifta 🙂 Ellers er oppskrifta lik som sist!
Framgangsmåte:
Ha alle ingrediensane i en kjele, kok opp og la den trekke under kokepunktet i ca 30 minutt. Sil blandinga og nyt gløggen varm eller kald 🙂 Gløggen kan oppbevarast i kjøleskap og eventuelt varmast igjen seinare!
Nyt på tur, til kveldskosen eller julebakinga! Håpe det smaker♥
Annonse
6 Kommentarer
Hanne
1. januar 2022
Linda Stuhaug
2. januar 2022
Linn
14. desember 2021
Linda Stuhaug
15. desember 2021
Irene Bentås
19. desember 2022
Linda Stuhaug
21. desember 2022
SKRIV EN KOMMENTAR