Annonse
21. april 2022
Fargerik, digg tilbehørsalat
God torsdag dåkke!
Eg har sagt det før og seier det igjen: ein tilbehørsalat er SÅ mykje meir enn salat, agurk, mais og paprika! Det er ikkje så alt for mykje som skal til før salaten blir ekstra fargerik, spennande og smakfull, og resultatet blir ein salat som ein forsyner seg fleire ganger av. Berre sjå på denne salaten her:
Til denne salaten brukte eg:
🌱 Crispysalat og baby leaf mix
🥦 Brokkolistilk (skrelt og grovhakka. Crispy og god, perfekt i salater!)
🌶 Spisspaprika
🥭 Mango
🍑 Granateple
🧀 Fetaos
🧅 Sylta rødløk
🥜 Rista pinjekjerner
Her får du alt: volum, crunch, syre, sødme og salt! Kan serverast til alt du serverer salat til, gjerne med en god vinaigrette eller dressing!
TIPS! Bruk ellers det du har i ditt kjøleskap! Det meste av frukt og grønnsaker kan brukast i en salat, og jo fleire farger, jo bedre! Har du f.eks crispysalat som er litt «slapp» - legg den i kaldt vatn, så blir den crispy igjen!
Har du noken favorittingredienser du liker å bruke i en sånn type tilbehørsalat?🤩
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR