Vegansk, smakfull tacogryte

God mandag alle sammen 😀

Idag er eg på vei til eit veldig spennande og kjekt oppdrag – følg gjerne med på instagram under @lindastuhaug eller Facebook-sida mi om du vil slå følge 🙂 Men før den tid tenkte eg å dele denne oppskrifta på TACOGRYTE. Ikkje kva som helst tacogryte, det er jo mandag idag og tacogryta er ikkje berre vegetarisk, men også vegansk!

Og det aller beste? Tacogryta lager du på berre 15-20 minutter, og utenom krydder trenger du berre 6-7 ingredienser 🙂 

Vegansk tacogryte, til 2-3 personer:
♦ 1 kartong svarte bønner (230 g)
♦ 1 kartong kidneybønner (230 g)
♦ 2 paprika
♦ 1 bunt vårløk
♦ 1 boks mais
♦ 1 kartong hakka tomater (400 g)
♦ 1 grønnsaksbuljong  (kan sløyfast)
♦ 1 stor ss tomatpure (gløymt på bildet)
♦ 3 dl vatn
♦ Krydder: 2-3 ts spisskumin, 2-3 ts paprikakrydder, 1-2 ts chili, salt og pepper
→ Eller 1-2 poser tacokrydder

Ha alle ingrediensane utenom krydder i ein kjele…

Kok opp og la det småkoke i 8-10 minutter. Smak til med krydder. Finito!

Tacogryta kan du servere i ei skål med valgfri topping. Eg valgte avokadobiter og knust nachoschips ettersom eg ville ha heile måltidet vegansk, og det var skikkelig godt 🙂 Andre vegetaralternativ kan vere rømme/kesam eller raspa ost♥

Ser godt ut, ikkje sant? Det var rett og slett nydelig!

Håper oppskrifta kan friste!

 

Vekemeny 16/2021

Hei! Då er det søndag igjen og tid for å dele eit nytt forslag til vekemeny 🙂 Den kommande veka foreslår eg desse oppskriftene:

→ Fargerik pastasalat med pesto, bakt søtpotet og rista pinjekjerner
→ Laks med agurksalat
→ Grov middagspai med ost & skinke
→ Kyllinggryte med sataysaus, middag på 15 minutt
→ Søtpotet lasagne
→ Fennikelsuppe med pannestekt torsk
→ Søte, saftige havrescones med brunostbiter
→ Grønn smoothie med mango, avokado og spinat
→ Digge energibarer med kun 3 ingredienser

MANDAG!
Fargerik pastasalat med pesto, bakt søtpotet og rista pinjekjerner, oppskrift her

*

TIRSDAG!
Laks med agurksalat, oppskrift her

*

ONSDAG!
Grov middagspai med ost & skinke, oppskrift her

*

TORSDAG!
Kyllinggryte med sataysaus, middag på 15 minutt, oppskrift her

*

VEKAS HELGEMIDDAG (fredag/lørdag)!
Søtpotet lasagne, oppskrift her

*

SØNDAG!
Fennikelsuppe med pannestekt torsk, oppskrift her

IMG_3006

*

VEKAS BAKETIPS!
Søte, saftige havrescones med brunostbiter, oppskrift her

*

VEKAS FRUKOST/LUNSJTIPS!
Grønn smoothie med mango, avokado og spinat, oppskrift her

*

VEKAS EKSTRA!
Digge energibarer med kun 3 ingredienser, oppskrift her

Fortsatt god søndag 🙂

 

Søte, saftige havrescones med brunostbiter

God fredag!

Her skinner sola fra knallblå himmel, og det er meldt like fint vær resten av helga. Det gledes♥ I den anledning så bakte eg opp nye scones igår; mine søte, saftige havrescones. Denne gangen med biter av brunost, og det blei berre skikkelig godt. På denne måten fekk eg brukt opp ein brunostskalk, eg rekna med vi er fleire som har desse liggande igjen ofte? Det er jo så mykje godt ein slik brunostskalk kan brukast til, og denne gangen blei det desse sconesa:

Desse kan du ete akkurat som dei er uten noko ekstra pålegg. Nyt dei til frukost, lunsj, turmat eller kveldskos! Eg hadde med meg nybakte scones på gårsdagens kveldstur til fjells, og det smakte heilt nydelig. Resten skal eg ta meg meg på tur til helga 🙂

Du trenger, 1 stor scones:
♦ 1 moden banan*
♦ 200 g original kesam (yoghurt, rømme eller creme fraiche kan og brukast)
♦ 1 dl valgfri melk
♦ 50 g valgfri søtning (eg brukte 25 g sukrin+)
♦ 1 toppa ss bakepulver
♦ 150 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl*
♦ 100 g havremjøl (du kan lage sjølv ved å finblende havregryn)
♦ 50 g havregryn
♦ 40 g brunost i små terninger

* banan gjorde sconesen veeeldig god, men du kan bytte den med 100 g ekstra kesam og litt meir søtning om du ønsker det. 

* for å gå scones glutenfri kan du fint bruke eit nøytralt, glutenfritt mjøl. Havregryna og havremjølet må og naturligvis vere glutenfritt.

Jo modnare banan, jo bedre!

Mos banana klumpfri med gaffel. Tilsett kesam…

Rør inn melk, valgfri søtning og bakepulver…

Tilsett så tørrvarene og kna til du får en jevn deig. Bruk litt ekstra mjøl om nødvendig. Eg brukte litt ekstra speltmjøl til «utbakinga».

Form en stor, rund scone på eit steikebrett med bakepapir, del opp i 6 eller 8 biter og trykk nedi brunostbiter…

Steik på 180 grader, over-undervarme i ca. 20 minutt, eller til sconesen er godt gyllen. Avkjøl på rist.

Sconesen er virkelig smakfull, saftig og skikkelig god. Visst du vil kan du sjølvsagt dele bitene på tvers og fylle på med ekstra pålegg også!

Velbekomme! Håper fleire vil lage desse til helgas tur♥ Eg er sikker på dei vil falle i smak hos både store og små 🙂

God helg alle sammen!

 

Fargerik pastasalat – til lunsj eller middag!

Hei!

Igår lagde eg denne fargerike, smakfulle pastasalaten til middag – og eg fant ut at eg måtte dele den med dåkke her også! Dåkke som følge meg på Instagram eller Facebook-sida mi har nok allerede fått den med seg, men dette er altså ein skikkelig matredder-salatmiddag med matredder-ingredienser eg kjøpte på butikken nokon timer i forvegen, matredder-ingredienser eg hadde fra før i kjøleskapet + litt ekstra 🙂

Det er ofte slik eg setter sammen middager – rett og slett ut fra kva eg finner i datohylla og kva eg har heime 🙂 Og resultatet blei skikkelig smakfullt og godt, en perfekt vårlig middag mens sola skinte ute!

Eg brukte, 2-3 personer:
♦ 1 pose crispysalat
♦ 150 g grov pasta
♦ 2 pk à 180 g ferdigstekt ytrefilet av svin med chorizokrydder
→ eg var nysgjerrig og det er første gang eg prøvde denne. Kjempegod! Men her kan du sjølvsagt bruke kylling også, eller anna proteinkilde 🙂
♦ 1 liten rødløk
♦ 1 stor, moden mango
♦ Granateplekjerner
♦ Fetaost
♦ Toppa med balsamico

Kok pasta etter anvisning på pakken, avkjøl under rennande, kaldt vatn. Kutt opp resten av ingrediensane og bland sammen. Topp med fetaost og balsamico før servering 🙂 

Kjempeenkelt, kjempegodt, og middag klar på ca 15 minutter 🙂 Nyt til lunsj eller middag!

 

Turanbefaling: 6-dagers hytte til hytte tur på Dovrefjell

Hei alle sammen!

Kvar einaste sommar dei 7-8 siste åra så har eg og en liten gjeng hatt ein fast ferietradisjon: vi pakker sekken og går ca ei veke i fjellheimen♥ Dette er etter mi meining den aller beste ferieveka, eg berre elsker å gå lange dager i fjellet og ha eit mål for dagen: å komme seg til neste hytte. For vi pleier nemlig å legge opp ruta slik at vi går hytte til hytte, og vi har vore rundt i mange ulike områder og nasjonalparker desse åra.

I fjor gjekk turen til Dovre- og Sunndalsfjella nasjonalpark, og nettopp denne turen har eg lyst å dele med dåkke idag. Som mange av dåkke allerede veit så har eg en enormt stor turglede, og har også oppretta ein egen turkonto på Instagram: lindatilfjells. Her deler eg mykje meir av turene mine, og eg har også delt ein turbeskrivelse av denne turen. Men, det er ikkje alle som er på Instagram, og bloggen min vil eg skal vere eit forum med meir enn berre oppskrifter, så det blir nok enda meir turinspirasjon her og framover 🙂 Dette er dog ikkje noko nytt her på bloggen, for eg har nemlig nokre turbeskrivelser fra før under kategorien «Turanbefaling»:

Rallarvegen – «Noregs vakraste sykkeltur»
Vetvika – ei nydelig, skjult naturperle
Turanbefaling: Norge på tvers!
Ein opplevelse du seint vil gløyme: Via Ferrata Loen!

Men, no over til dagens turbeskrivelse og anbefaling! Beklager på forhånd at det blir litt langt, hehe 🙂 

Dette er ein 6-dagers variert rundtur som starter og avslutter med Snøheim. For å få seg til Snøheim må ein ta bussen frå Hjerkinn. Dette er fordi vegen er stengt for eget kjøretøy i sommerperioden av hensyn til villreinstammen. Informasjon om busstider finner de på Snøheim sine nettsider her.

 Noko nyttig informasjon først:
→ Ved å følge denne ruta så har du to muligheter til å bestige Snøhetta: både på etappe 2 og etappe 6. Her går det altså to ruter til hyttene, enten rundt eller over Snøhetta. Vi gjekk Snøhetta på etappe 2, og turbeskrivelsen går ut fra det. Snøhetta er eit av Norges mest kjente topper, og har en høgde på 2286 MOH. Absolutt verdt å få ned denne toppen når ein er på turen!

→ Dagsetappane kan og ha fleire ulike ruter til hyttene, så heile beskrivelsen min viser naturligvis rutene vi har gått. Min beskrivelse kan du bruke som inspirasjon, men sjekk alltid kart og ulike ruter på dagsetappene på ut.no – kanskje du har lyst til å gå andre veier enn det vi har gått.

→ For oss var det 6-7 timer å køyre til Hjerkinn, og derfor blei første dagen en kombinasjon av transportetappe + en kort gåtur over til Reinheim. Her kan ein og gå direkte frå Snøheim til Åmotdslshytta, og dermed få ein mindre dag.

→ SB = sjølvbetjent hytte / B = betjent hytte. Som de kan sjå så blei det altså fem sjølvbetjente hytter før vi på siste etappen kom til Snøheim og turens einaste betjente hytte. Det vil sei at ein må bære på mat til dei 5 første dagane, eller bruke matvarelageret på dei sjølvbetjente hyttene.

Over til turbeskrivelsen!

Etappe 1: Transportetappe til Hjerkinn, buss til Snøheim og gå til Reinheim (SB) – 6 km og 95 høgdemeter opp. Ein kort etappe med tydelig sti og lett terreng, deilig å strekke litt på beina etter ein lang dag i bil 🙂 Allerede på denne første, korte etappen fekk vi eit (litt for nært) møte med ein moskusflokk, og eg har inntrykk av at Reinheim er midt i eit populært moskusterreng. I løpet av dei 12 timane vi var på hytta såg vi vell 20-30 moskuser i ulike flokker. Fascinerande dyr, men her skal ein vere obs på å holde god avstand!


Etappe 2: Reinheim – Åmotdalshytta (SB) over Snøhetta – 14 km og 1100 høgdemeter opp. Denne dagen var vi heldige med været, og vi valgte derfor å bestige Snøhetta på veg mot neste hytte. Turen opp til Snøhetta var godt merka, og utsikta på toppen var upåklagelig! Fra toppen gjekk vi ned igjen på baksida og kom til Åmotdalshytta. Mykje STEIN oppsummerer kort denne etappen, men absolutt kjekt å bestige Snøhetta.

Etappe 3: Åmotdalshytta – Grøvudalshytta (SB) – 29 km og 500 høgdemeter opp. Turens lengste (og våtaste!) etappe, men også den finaste. Vi våkna til 1 grad og at det regna/sludda sidelengs, men den fine etappen vog opp mot været. Her starta vi i grått og brunt terreng, sto brått på toppen av Grøvudalen som var eit einaste grønt og frodig kulturlandskap. Vi gjekk ned i denne grønne dalen, kom til eit landskap forma av frøhøsting og hundrevis av år med dyr på beite. Ein helt nydelig tur med mange kontraster♥

Vel framme på Grøvudalshytta var nabosetra Inner Gammelsetra, eit gammalt seter dei driver på gamlemåten med budeier på sommaren. Dette var så sjarmerande plass, og vi fekk til og med kjøpt oss rømmegraut til middag og vafler til dessert – sjølvlaga med sjølvmelka melk fra kyrne på setra♥ Ein fantastisk avslutning på ein bra dag!


Etappe 4: Grøvudalshytta – Gammelsetra (SB) – 18 km og 550 høgdemeter opp. Nok ein grønn og fin etappe i deilig terreng. I enden av etappen kom vi til den mest sjarmerande, flottaste og kosligaste DNT-hytta eg nokon gang har vert på: Gammelsetra♥ Gammelsetra er bokstavligtalt ikkje i hytte, men eit sætertun som består av fire tømmer-bygninger med gammalt interiør og ein heilt unik sjarm. Vi fekk til og med eit lite gjensyn med sola der vi satt ute og kosa oss, og det var rett og slett fantastisk flott. Anbefaler virkelig å ta turen hit!

Etappe 5: Gammelsetra – Åmotdalshytta (SB) – 25 km og 1200 høgdemeter opp. På denne etappen var det gradvis stigning opp fra grønt terreng og tilbake til det brun-gråe terrenget med stein og månelandskap. På denne etappen var vi igjen ganske så uheldige med været – regnet piska oss i kroppen og vinden holdt på å blåse oss overende fleire ganger. Heldigvis fekk vi søke ly og ta lunsjpausen på Loennechenbua, ei bu/ubetjent hytte ca. halvveis på etappen. Her er det eit par sengeplasser, så visst ein ønsker å dele opp denne etappen, så går det an å overnatte her 🙂 Framme kom vi tilbake til Åmotdalshytta, samme hytte som overnatting to.

Etappe 6: Åmotdalshytta – Snøheim (B) – 17 km og 500 høgdemeter opp. Turens siste etappe som generelt gjekk i mykje stein. Ein fin avslutning på turen var å komme fram til Snøheim, der vi endelig fekk ei betjent hytte med DUSJ og matservering etter 6 dager med kattevask og turmat/posemat! Det var virkelig fantastisk deilig! Vi tok natta på Snøheim, og på dag 7 tok vi då bussen tilbake til Hjerkinn og tura oss heimover i bilen – med mange gode turminner i bagasjen.

Kort fortalt var denne rundturen på Dovrefjell svært variert. Det er litt typisk område med ein del brunt-grått terreng og det eg kaller for månelandskap, men det var også grønt, frodig og flott. Vil og sei at det var spennande med alle moskusane vi støtt og stadig såg, for å ikkje snakke om ein vanvittig stor flokk med villrein som plutselig sirkla rundt oss. Dyreliv i naturen altså♥

Med det vil eg avslutte innlegget, og håper virkelig at turen kan inspirere dåkke. Eg er i gang med ein ny turbeskrivelse som kjem til å komme om ikkje så alt for lenge 🙂 Legg gjerne igjen ein kommentar om de synes dette er kjekke innlegg, og følg meg gjerne på @lindatilfjells på Instagram – der deler eg generelt mykje turglede! Der finner du også eit høgdepunkt «Dovrefjell» der du får mange fleire bilder, små filmsnutter og etappevis beskrivelse på en story av denne turen 🙂 

 

Vekemeny 15/2021

Hei!

Då er det søndag igjen og på tide å dele ny vekemeny 🙂 No er det faktisk eit par veker sida sist pga påske, men no er eg back on track! Den kommande veka foreslår eg desse oppskriftene: 

→ Alt-i-ett indisk linsegryte med poteter, kikerter og spinat
→ Krema brokkoliform med laks
→ Fargerik, smakfull kylling- og pastasalat
→ Panert torsk med søbtpotetmos
→ Lompepizza med chorizo
→ Sellerirot- og pastinakksuppe med steikt choriz
→ Eltefritt havrebrød med chiafrø
→  Kjempegod, enkel frukostkake (havrekake)
→ Naturlig søte og digge snickerskuler

MANDAG!
Alt-i-ett indisk linsegryte med poteter, kikerter og spinat, oppskrift her

*

TIRSDAG!
Krema brokkoliform med laks, oppskrift her

*

ONSDAG!
Fargerik, smakfull kylling- og pastasalat, oppskrift her

*

TORSDAG!
Panert torsk med søbtpotetmos, oppskrift her

*

VEKAS HELGEMIDDAG (fredag/lørdag)!
Lompepizza med chorizo, oppskrift her

*

SØNDAG!
Sellerirot- og pastinakksuppe med steikt chorizo, oppskrift her

*

VEKAS BAKETIPS!
Eltefritt havrebrød med chiafrø, oppskrift her

*

VEKAS FRUKOST/LUNSJTIPS!
Kjempegod, enkel frukostkake (havrekake), oppskrift her

*

VEKAS EKSTRA!
Naturlig søte og digge snickerskuler, oppskrift her

God søndag og god planlegging♥

 

Lompepizza med chorizo

Hei!

Eg har som sagt hatt dilla på lompepizza i det siste, og eg har variert fyllet fra gang til gang for å lage nye smaker heile tida 🙂 Ein av mine siste varianter er denne med chorizo, og den var SÅ enkel og god;

Ser digg ut, ikkje sant? Eg synes vertfall det smakte nydelig, og heile pizzaen lager du med berre fire ingredienser!

Lompepizza med chorizo:
→ Smør valgfrie lomper med ketsjup  (eller f.eks tomatpure)
→ Ha over raspa ost
→ Topp med tynne skiver chorizopølse
→ Inn i ovnen på 200 grader varmluft i nokon minutter til osten er smelta og lompene er sprø i kantane

Voila!

Eg hadde ei heil chorizopølse i kjøleskapet som eg skar opp i skiver sjølv, men du kan sjølvsagt kjøpe ferdig oppskjært også. Chirizopølse er skikkelig godt som topping på pizza, men du kan og naturligvis bruke andre typer pølser eller pepperoni istedenfor.

Som tilbehør til pizza har vi ALLTID ein stor, deilig salat med masse godt oppi, deilig topping av fetaost og dressing. Aldri eit pizzamåltid uten noko grønt 🙂

Og eit lite tips heilt på tampen (som eg har delt mange ganger i tidligare innlegg):
Lompepizzaen blir godt sprø i kantane så lenger du steiker den lenge nok, men visst du vil ha heile bunnen sprø: forsteik lompene på i ovnen til dei er sprø før du tar på fyllet. Bruk 200 grader varmluft, la lompene avkjøle seg og deretter fortsetter du med å ta på fyll. Då sikrer du deg sprø lompepizzaer 🙂 Eg synes dog lompepizzaen er best når den er sprø i kantane og litt mjukare i midten.

Blir det lompepizza i helga kanskje? Velbekomme – håper denne kan friste 😀

 

Lauritz Olivenolje med omega3

Annonse Lauritz Ålesund

Som dåkke faste følgere veit, så har eg hatt eit fast samarbeid med Enriched Food i fleire år. No har familien bak Enriched komt med eit nytt produkt: Lauritz Olivenolje med Omega3. Lauritz-produkta er ganske like Enriched-produkta og dei kjem i dei samme gode smakane; kvitløk, basilikum, sitron og naturell. Kort oppsummert er Lauritz Olivenolje med Omega3 ein anvendelig, smakfull og næringsrik olje, som passer supert til deg som ønsker å få i deg de viktige omega-3 fettsyrene på en smakfull måte.

Bruker du Lauritz Olivenolje med omega3 kan du sikre at heile familien får i seg sitt daglige, anbefalte inntak av omega3. Dette er olje som du kan tilsette direkte i kalde oppskrifter! Når du har desse fire ulike variantene å velge mellom, så kan du også få ønska smak på maten. Kva med smaken av kvitløk i guacamolen? Smaken av sitron i smoothien? Smaken av basilikum over pastaretten? Naturell varianten er nøytral i smaken og passer til absolutt alt av både søte og salte oppskrifter 🙂

Og kanskje du lurer litt på navnet? Det gjorde vertfalll eg, og historien bak synes eg er skikkelig fin. 

Lauritz er nemlig navnet til bestefaren til Susanne og Iselin, som er søstrene bak konseptet. Lauritz var odelsgutt og den eldste blant seks søsken. Men blikket til Lauritz var festa på havet. Han drømte om bølger og fisk, og som tjueåring ga han fra seg odelen og gikk ombord i fiskebåten Signal. Han starta etterkvart blant anna opp produksjonen av fiskeoljer. Lauritz var opptatt av å utnytte ressursene best mulig, med respekt for naturen og forvalte den slik at den tas vare på til fremtidige generasjoner. Dette er starten på ei lang historie som blant anna har endt opp med Lauritz Olivenolje med Omega3. Tankane og verdiane har gått i arv, og Lauritz Ålesund er rett og slett ein hylles til Lauritz. Familien til Susanne og Iselin gjer dette for å hedre sin bestefar og for å fortsette hans jobb med å ta vare på ressursene våre til fremtidige generasjoner.

Framover skal eg lage oppskrifter, eksprimentere og bli skikkelig godt kjent med Lauritz Olivenolje med omega3, og eg skal såklart dele med dåkke etterkvart 🙂

Har du spørsmål om oljene, spørr gjerne i kommentarfeltet! Ellers må du gjerne besøke heimesida HER 🙂

 

5 gode smoothietips til deg!

Vi går mot vår, sommar og smoothiesesong♥ Smoothie er noko eg drikker/ete heile året, men definitivt aller mest på sommahalvåret. Det kan nytast som sunn kos, som mellommåltid, som dessert eller som eit fullverdig måltid. For min del er smoothie som regel eit fullverdig måltid til frukost, lunsj eller kveldsmat – og eg liker den best med ein tjukk og god konsistens slik at eg må ete den med skei – sjølv om eg og innimellom lager den flytande og drikker den med sugerør 🙂

Uansett, visst du er som meg og bruker smoothie som eit fullverdig måltid, så har eg lyst til å dele 5 gode smoothietips med deg idag!

♦ Hugs alltid en proteinkilde og fettkilde i smoothien din!
Lager du smoothie med juice, frukt og bær – så er det ikkje mykje protein og fett å skryte av. Eg passer alltid på at smoothien min inneholder protein og fett, og det er fordi måltidet skal mette godt, holde meg mett i nokon timer og gi meg stabilt blodsukker. Personlig bruker eg nesten alltid ein proteinrik yoghurt/kesam/kvarg/cottage cheese i min smoothie og/eller proteinpulver (fordi det er godt, les siste tips!). Som fettkilde bruker eg enten avokado, ein fettrik yoghurt, olivenolje med omega-3, nøttesmør eller nøtter – i eller som topping på smoothien 🙂

♦ Tilsett grønnsaker – uten at det går ut over smaken!
Å bruke grønnsaker i smoothien har eg gjort i årevis. På denne måten får du lurt inn en eksta porsjon med grønt + enda meir næring, uten at det nødvendigvis går ut over smaken. Du kan bruke både ferske og fryste grønnsaker, og dei grønnsakene eg bruker mest er spinat, blomkål, brokkoli, gulrot, rødbeter og agurk. Det handler naturligvis litt om mengde og type grønnsak når det kjem til smak, men så lenge du ikkje bruker for mykje vil det ikkje smake 🙂

♦ Søt frukt og/eller litt søtning er alfa omega for en god smoothie!
… spørr du meg iallfall! Det er ulik sødme på ulike frukter/bær, og sødmen kan og variere. Det er stor forskjell på en grønn banan og en brun banan, for å ta eit eksempel. Visst du ikkje synes smoothien blir søt nok med frukt og bær du har brukt, så kan det å tilsette litt ekstra søtning løfte smoothien fleire hakk 🙂 Søtning kan vere melis, sukrinmelis, honning etc – eller du kan bruke en skvett med saft/syltetøy – usukra eller sukra – alt etter kva du sjølv ønsker.

♦ Har du frukt, bær eller grønnsaker som burde etast? Eller kanskje grønnsaksrester etter middagen? Frys ned og bruke i smoothie!
Nesten alt av frukt og grønt kan frysast ned. Har du en blomkål i kjøleskapsskuffa som du ikkje får brukt? Ein moden mango? Ei brun banan? Dette kan du tilsette ferskt i smoothie, eller eventuelt fryse ned så du kan bruke det seinare. Frukt og grønt har ingenting i boss å gjere, og det er heilt supert å ha i fryseren og bruke til smoothie – så får du redusert matsvinnet i tillegg♥

♦ Proteinpulver gir en utrulig god smak og fløyelsmjuk, fluffy konsistens!
Har du proteinpulver i hus? Prøv å tilsette det i smoothien neste gang! Dåkke som har fulgt meg i nokon år veit at eg har brukt dette mykje i oppskriftene mine, men eg poengterer alltid at det kan sløyfast. Det handler på ingen måte om proteinane, det er berre en bonus, det handler utelukkande om god smak og ein skikkelig digg konsistens 🙂 Eg bruker stort sett proteinpulver i vaniljesmak, fordi den passer til alle ulike smaker.

Håper du fekk nokon gode tips her! 

Hugs at eg har en egen kategori her på bloggen med «Smoothie og juice» visst du trenger inspirasjon 🙂 Framover vil det og bli meir og meir oppskrifter, sida vi går mot sommerhalvåret♥ Har du eit smoothietips du vil dele, så må du berre gjere det i kommentarfeltet!

 

Kyllinggryte med sataysaus – middag på 15 minutt!

Hei, og god tirsdag alle sammen!

Håpe dåkke har hatt ei fin påske! Eg har tatt litt fri fra blogg og sosiale medier, men har jobba med diverse innlegg og prosjekter – så det er berre å glede seg framover 🙂 Uansett, no er vi i gang kvardagen i ei ny veke, og eg starter med å dele ein nydelig kyllinggryte med sataysaus med dåkke:

Sataysaus er jo ofte en saus som blir brukt som ein tilbehør-saus, men her har eg altså laga sataysaus som saus i gryta. Det fungerte ypperlig og var fantastisk godt! I tillegg har eg brukt ferdigstekt kylling (fant på tilbud!) men du kan sjølvsagt bruke kyllingfilet som du steiker opp istedenfor 🙂

Du trenger, ca. 4 personer:
♦ 250 ml kokoskrem (eg bruker Santa Maria «Rich Coconut Cream»)
♦ 200 ml kokosmelk light (eller vanlig)
♦ 3-4 ss red curry paste
♦ 3-4 ss peanøttsmør
♦ 2-3 ss ferskpressa limesaft eller sitronsaft
♦ 2 ts valgfri søtning

♦ 400 g ferdigstekt kylling (eller 600 g kyllingfilet som du steiker sjølv)
♦ 2-3 store paprika, biter

Slik gjer du:
Ha alle ingrediensane til sataysausen i en kjele. Kok opp under omrøring og smak til med red curry paste, peanøttsmør og sitronsaft. La sausen småkoke i 5 minutter, ha oppi kylling og paprika, og la det bli gjennomvarmt.

Taada, gryta klar til servering etter ca 15 minutt! Som tilbehør passer det godt med ris eller quinoa – eventuelt bulgur eller couscous. Hugs å sette dette på kok først 🙂 Vi hadde også salat til. Nyt!

Enkel, smakfull og kjempegod kyllinggryte som eg håper faller i smak hos fleire♥ Velbekomme!

 

10 frukost/ lunsj/ turmattips til påske!

Hei!

Eg kjører på med enda eit oppsummeringsinnlegg før påske, og idag er fokuset frukost/lunsj/turmattips til påske. Kanskje du finner noko som kan friste dei kommande dagane? Og visst ikkje så veit de at eg har massevis av oppskrifter i arkivet visst det er noko anna du er på utkikk etter. I menyen finner du ulike kategorier, og i søkefeltet kan du bruke enkle søkeord 🙂 I dette innlegget foreslår eg desse oppskriftene:

→ Enkle, grove pizzahorn
→ Havrebar med honning og kanel
→ Fluffy, saftige havrepannekaker
→ Lomperuller med ruccola og fenalår
→ Søte, saftige og halvgrove scones
→ Grove, deilige turvafler
→ Eltefrie spelt- og havrerundstykke med chiafrø
→ Sukkerfri, saftige solskinnsboller
→ Kjempegod, enkel frukostkake
→ Enkle omelettmuffins

→ Energikuler med mandelsmør, havregryn og sjokolade

Enkle, grove pizzahorn, oppskrift her

*

Havrebar med honning og kanel, oppskrift her

*

Fluffy, saftige havrepannekaker, oppskrift her

*

Lomperuller med ruccola og fenalår, oppskrift her

*

Søte, saftige og halvgrove scones, oppskrift her

*

Grove, deilige turvafler, oppskrift her♥ 

*

Eltefrie spelt- og havrerundstykke med chiafrø, oppskrift her

*

Sukkerfri, saftige solskinnsboller, oppskrift her

*

Kjempegod, enkel frukostkake, oppskrift her

*

Enkle omelettmuffins, oppskrift her

*

Energikuler med mandelsmør, havregryn og sjokolade, oppskrift her

Og med det vil eg ønske dåkke alle ei riktig god påske♥ Eg får sjå kortid eg titter innom her igjen, men følg meg gjerne på Instagram under @lindastuhaug og på Facebook-sida mi HER for hyppigere oppdateringer 🙂

Ha ei nydelig påske alle sammen! Nyt den!

 

10 sukkerfri, søte oppskrifter til påske!

Hei godtfolk!

Påska nærma seg med stormskritt og fleire har vell allerede tatt ferie. I anledning påske så vil eg idag samle noko populære oppskrifter fra arkivet som kanskje kan friste å lage desse dagane 🙂 Alle oppskriftene er sukkerfri og her er litt forskjellig fra kaker til snacks og desserter.

Er det derimot noko anna du er på utkikk etter, så har eg hundrevis av søte oppskrifter i arkivet. Kanskje du finner noko i desse kategoriane:
Jul og påske
Sunt søtt og salt – snacks
→ Sunt søtt og salt – desserter
Sunt søtt og salt – kaker
Sunt søtt og salt – gjærbakst
→  Sunt søtt og salt – is
→  Sunt søtt og salt – oppskrifter uten helsekostprodukt

Sukkerfri suksessterte, oppskrift her♥

*

Sukkerfri vaniljefudge, oppskrift her

*

Sukkerfri marsipan på to måter, med eller uten helsekostprodukt, oppskrift her♥

*

Sukkerfri, nydelig sitronkake, oppskrift her

*

Naturlig søte, seige sjokoladekuler, oppskrift her

*

Sukkerfri karamellsjokolader, oppskrift her

*

Sukkerfri, luftig appelsinfromasj, oppskrift her

*

Sukkerfri, heimelaga kvikk lunsj, oppskrift her

*

Tynne, sprø og sukkerfri havrekjeks, oppskrift her

*

Sukkerfri freia påskeegg – sjokolade med krema melkefyll – oppskrift her

Håper du fant noko fristande 🙂

Imorgon kjem det frukost/lunsj/turmattips til påske – så følg med!