Thaisuppe med rista gresskarkjerner

God mandag!

Håper alle har hatt ei nydelig helg, og er klar for ei ny veke 🙂 Eg reiser faktisk til Oslo idag, for første gang etter eg solgte leiligheta mi for akkurat 13 måneder sidan. Eg budde i Oslo i heile tre år, og har ikkje vore i storbyen sidan det kapittelet vart avslutta i september 2018. Eg fekk rett og slett heile Oslolivet litt opp i halsen, men no – no kjenner eg meg endelig klar for å reise tilbake, og eg gleda meg veldig 🙂

Men før den tid så skal eg dele oppskrift på denne deilige thaisuppa med rista gresskarkjerner! Veldig god, enkel å lage og en super kvardagsmiddag:

Thaisuppe, 4-6 personer
♦ 15 dl grønnsakskraft, evt. buljong eller fond
♦ 600 g gulerøtter, i biter
♦ 600 g søtpotet, i biter
♦ 1 blomkål eller brokkoli (bruk det du har – eg brukte 1/2 av kvar)
♦ 1-2 løk, evt. vårløk eller purreløk, grovhakka
♦ 3-4 fedd kvitløk, hakka
♦ 2 ss revet, frisk ingefær
♦ 2-4 ss red curry paste
♦ 1 kartong, 400 ml kokosmelk
♦ salt og pepper
♦ smør eller olje til steiking

Slik gjer du:
Steik løk, kvitløk og ingefær i smør eller olje til løken er blank. Tilsett grønnsakskraft, gulerøtter, søtpotet og blomkål/brokkoli. Kok opp og la det småkoke til grønnsakene er møre (10-20 minutt, kjem an på størrelsen på grønnsakene).

Kjør suppa glatt med stavmiksar. Tilsett kokosmelk og smak til med red curry paste, salt og pepper. Server!

Rista gresskarkjerner
150-200 g gresskarkjerner
2 ts olje eller smør
maldonsalt

Slik gjer du: 
Varm opp olje/smør i en steikepanne, bruk litt over middels varme. Tilsett gresskarkjernene og la dei steike til gresskarkjernene begynner å poppe. Tilsett maldonsalt, rør godt og la gresskarkjernene avkjøle seg på bakepapir. Oppbevar på glass.

Rista gresskarkjerner er berre fantastisk godt som topping på alle slags supper! Anbefalast virkelig å prøvast 🙂 Det er også godt som topping på salater eller berre som snacks – så lag gjerne opp mykje og ha ståande i glass.

TIPS!
Denne suppa er heilt knall å fryse 🙂 Har du rester igjen, frys ned – så har du en lettvint middag seinare! Den er også veldig god å toppe med for eksempel laks, kylling eller bacon – visst du har rester igjen av det etter middagen ein dag.

Velbekomme!

 

Vekemeny 43/2019

God søndagsmorgen!

Sola skinner og vi er på vei til fjells! Det blir en lang, deilig dag utendørs idag, forhåpentligvis med eit par ryper i sekken på vei heimatt 🙂

Eg har som alltid satt sammen eit forslag til vekemeny, og den kommande veka anbefaler eg følgande oppskrifter:

MANDAG!
Søtpotetform med feta & soltørka tomat, oppskrift her

*

TIRSDAG!
Enkel lapskaus, oppskrift her

*

ONSDAG!
Rask og enkel alt-i-ovnen laksemiddag, oppskrift her

*

TORSDAG!
Middagsgryte med karbonadedeig, oppskrift her

*

FREDAG!
Tom Kha Gai med kylling, risnudler og sukkererter, oppskrift her

*

LØRDAG!
Bringebær- og jordbærsmoothie med ekstra grønt, oppskrift her

*

SØNDAG!
Kveite med søtpotet- og gulrotpure, asparges og bacon, oppskrift her

*

VEKAS BAKETIPS!
Saftig, sukkerfri sjokoladekake med dobbel glasur, oppskrift her

*

VEKAS MATPAKKETIPS!
Lunsjwraps, oppskrift her

*

VEKAS EKSTRAOPPSKRIFT!
Sprø eplechips med kanel, oppskrift her

God planlegging, og ha en nydelig søndag alle sammen 🙂

 

Lunsjwraps

God fredag!

Idag titter eg innom med dagens lunsj:

Lunsjwraps med lomper og deilig pålegg!

Enkelt og greit:
→ Halve lompa smurt med kremost & pesto
→ Andre halvdelen fylt med salat, fenalår og paprika
→ Rulla sammen med påleggsida først, slik at kremosten «limer» lompa sammen til slutt

Skjær gjerne på tvers og nyt med det samme♥ Har eg med meg lompewraps i matpakken eller som turmat, så synes eg dei holder seg best visst eg pakker dei inn i aluminiumsfolie eller plastfolie, vertfall visst eg klargjer kvelden før. Lager eg dei på morgonen så holder seg seg ofte godt til lunsjtider 🙂

Dette er ein veldig typisk matpakke for min del, med litt ekstra grønnsaker i form av spisspaprika, sukkererter, gulrot, agurk eller småtomater♥

Passer sjølvsagt like godt til frukost, tilbehør til middagen eller kveldsmat også! Detter er også en deilig tapasrett visst ein skjærer opp lompene i 4-5 biter. Nam!

Du kan bruke dei lompene du liker og foretrekker. Eg pleier å bruke Buer Speltlomper til wraps, fordi dei er bittelitt større og tjukkare enn potetlompene. Ellers lager eg heimelaga lomper:

Oppskrift finner du her! Desse kan du fint lage glutenfri dersom det er nødvendig.

Då gjenstår det å sei god helg♥ Skal du ut på tur så er desse lunsjwrapsa nydelige som turmat 🙂 

 

Bringebær- og jordbærsmoothie med ekstra grønt

Eg har skikkelig dilla på smoothie om dagane!

Smoothie er kveldsmaten min (nesten) kvar einaste dag. Eg bruker ingen oppskrift, men slumper oppi med frosne grønnsaker, frukt og bær etter kva eg har tilgjengelig. Når oppskrifta skal delast med dokke, så prøver eg naturligvis å ta nokolunde mål 🙂

Denne smoothien lagde eg for eit par veker sidan, ei skål fylt med mange gode smaker og (skjulte) grønnsaker. Eg lager aldri smoothie uten grønnsaker lengre, det er jo ein heilt genial måte å lure inn litt ekstra grønt på, uten at ein nødvendigvis kjenner det på smaken:

Til en person: 
♦ 100 g fryste bringebær
♦ 100 g fryste jordbær
♦ 3-4 buketter fryst brokkoli
♦ 3-4 buketter fryst blomkål
♦ 150 g valgfri yoghurt eller kokosmelk (eg brukte naturell yoghurt)
♦ 1 ss proteinpulver i vaniljesmak (kan selfølgelig g sløyfast, eg brukte det fordi eg synes det gir en god smak)

Slik gjer du:
Kjør ingrediensane klumpfri med blendar eller stavmiksar. Eg foretrekker stavmiksar når eg skal ha ein skikkelig fyldig smoothie.  Smak til om du eventuelt ønsker smoothien søtare, og juster med væske til den konsistensen du ønsker.

Hell over i ei skål og topp med det du måtte ønske. Nyt straks♥

Eg toppa smoothien med frosne bringebær, nøttesmør og eit dryss kokos 🙂 

En fargerik, næringsrik og super smoothie som passer like godt til frukost, lunsj, mellommåltid eller kveldsmat♥

Andre grønnsaker eg pleier å bruke i smoothie utenom brokkoli og blomkål, er rødbeter, brokkolistilk, spinat og gulrot. Har du fleire tips til grønnsaker i smoothie? Noko du pleier å bruke? Del gjerne 😀

 

Saftige havrescones

Hei godtfolk!

Først og fremst: tusen takk for alle tilbakemeldinger på mandagens bok-nyhet♥ Veldig kjekt at så mange gleder seg, det er virkelig stas! Vi jobber no med siste innspurt, boka blir sendt til trykk i slutten av neste veke – så det ser eg veldig fram til 🙂

Men, over til dagens oppskrift – saftige havrescones!  Desse er grove, veldig gode og ferdige på kort tid. Perfekt å slenge sammen som eit ekstra tilbehør til middagen (salat, suppe, gryte…), til frukost, turmat, matpakken eller kveldsmaten.

Du trenger, 8 store biter
1 boks, 300 g original kesam*
1 dl valgfri melk
100 g havregryn
150 g havremjøl
150 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl*
1 toppa ss bakepulver
1/2 ts salt

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 200 grader over-undervarme. Bland sammen kesam, melk, havregryn, havremjøl, bakepulver og salt. La blandinga svelle i 5 minutt.

2. Tilsett deretter speltmjøl/kveitemjøl til en jevn deig. Form til en stor, rund scone. Min var ca 1,5 cm tjukk, men du kan fint lage den tjukkare også. Legg på eit steikebrett med bakepapir.

3. Snitt sconesen i åtte. Du kan gjerne pensle overflata og drysse over litt havregryn. Steik midt i ovnen i 15-20 minutt, eller til overflata er gyllen. Avkjøl på rist.

Scones smaker best nybakt, men dei holder seg saftige og gode eit par dager. I tillegg kan dei sjølvsagt frysast!

Tips og alternativer*
Må du ha laktosefri scones? Bytt ut original kesam med laktosefri lettrømme. Valgfri melk betyr at du kan bruke kva som helst melk, så då bruker du sjølvsagt laktosefritt alternativ.

Kva med gluten? For glutenfri scones bruker du naturligvis glutenfri havre. Speltmjøl/kveitemjøl kan byttast med anna, nøytral glutenfri tørrvare. Bruk det du pleier å bruke som erstatning for speltmjøl/kveitemjøl 🙂

Varier gjerne med ekstra smakstilsetninger – bruk gjerne nøtter/frø/kjerner i sconesa etter smak og behag. Juster eventuelt litt på mengden havregryn.

Enkle, eller kva? Det vil eg absolutt påstå 🙂 

Håper alle får en herlig onsdag. Halvveis til helg allerede – tenk det!


Hugs at eg blir veldig glad for tilbakemeldinger! Tag meg gjerne på instagram med både @lindastuhaug og #lindastuhaug, slik at eg er sikker på at eg får med meg at du lager oppskrifter. Du kan også legge igjen en hilsen i kommentarfeltet her på bloggen, eller på facebook-sida mi HER

 

Hurra, endelig kjem bok nummer to!!

«Middag.
Det er noko som skal på bordet kvar einaste dag, på det mest kaotiske tidspunktet på ettermiddagen. Det er det måltidet som krev mest planlegging og førebuing. Det er gjerne det måltidet ein samlar familien til, og som skal tilfredsstille alle rundt bordet. Det er og det måltidet ein stiller aller mest spørsmål om. Det er heilt likt kvar einaste gong;
kva skal vi ha til middag?

Etter suksessen med mi forrige bok, Opptur med sunn mat, var eg aldri i tvil om at eg skulle lage ei ny kokebok. Eg visste berre ikkje når den skulle komme, eller kva den skulle handle om.

Ein dag slo det meg. Middagsmat! Det er middagsmat følgarane og lesarane mine treng, og vil ha!

Med denne boka skal du sleppe å stille deg middagsspørsmålet kvar einaste dag. Boka er for deg som slit med tidsklemma, for deg som syns middagsmat er ei utfordring, for deg som treng inspirasjon til sunne, enkle kvardagsmiddagar. Det er det som er fokuset mitt denne gongen. Heimelaga, sunne middagar, som alle kan lage.

Eg har prøvd å forenkle oppskriftene så mykje som mogleg, for eg har eit ønske om å gjere deg trygg på kjøkkenet med maten eg deler. Eg har også delt oppskriftene inn i kategoriar, slik at du kan finne ein middag i den kategorien som passar din kvardag best. Undervegs kjem eg med tips og triks for å lukkast med middagsmaten. Eg deler mine basisvarer, kjøkkenreiskap og korleis du kan gjere smarte innkjøp, redusere matbudsjettet og minske matsvinnet. Avslutningsvis får du 10 vekemenyar med tilhøyrande handlelister. Alt etter ønske frå dykk!

Mange har ei formeining om at det er tidkrevande, vanskeleg og avansert å lage gode middagar frå botnen av, men det treng det absolutt ikkje vere. Heimelaga, sunne middagar kan vere både raske, ukompliserte, gode og overkommelege for alle. Ein opptur med sunne middagar, rett og slett!»

Slik startar mi kommande, nye bok med tittelen OPPTUR MED SUNNE MIDDAGAR♥

Herlighet, eg har gleda meg sånn til å fortelle dette til dokke! Eg har holdt korta tett til brystet i heile 2019 og endelig kan eg røpe at eg har jobba med ny kokebok i heile år – saman med Frisk Forlag♥  Temaet er MIDDAGAR og boka er proppfull av 80 lekre middagsoppskrifter som passer for absolutt alle; småbarnsfamilier, familier, ynge, eldre, den kresne, den mindre kresne, om ein er mange, om ein er aleine…

Og kvifor valgte eg å lage ei kokebok kun med fokus på middagar?
Jo, fordi det er det de trenger, og det de vil ha! Eg har høyrt på dokke, fått innblikk i kva som er dei største utfordringane i kvardagskostholdet, sett på tilbakemeldinger eg har fått, gått grundig gjennom kva oppskrifter som er mest populære… Alle svar retter seg mot middagsmat. Kvardagsmiddagar som er sunne, raske og enkle å lage. Kvardagsmiddagar som smaker godt og som gjer godt.

No lurer du kanskje på kortid boka blir lansert?
Offentlig lansering er i januar 2020, og boka er i butikk frå starten av januar.

Men – vi åpner for FORHÅNDSSALG i slutten av oktober. Det betyr at du kan bestille boka og få den i postkassa i god tid før jul! En perfekt julegave til deg sjølv eller nokon du er glad i♥

De skal sjølvsagt få oppdatering på når forhåndssalget er i gang. Og de skal sjølvsagt få litt innblikk i denne bokprosessen på samme måte som min forrige. Innlegg og oppdateringer vil komme! I mellomtida så håper eg at de gleder dokke like mykje som meg♥

 

Vekemeny 42/2019

Hei!

Då er det søndag igjen, og ei ny veke nærma seg med stormskritt 🙂 Den kommane veka gleder eg meg litt ekstra til, blant anna fordi eg har en stor, gledelig og spennande nyhet eg skal dele med dokke… Kanskje eg røper allerede imorgon…? 🙂

Uansett, før den tid må vi komme oss gjennom søndagen, og vi må planlegge den kommande veka med blant anna middagsmat! Her har de mitt forslag til vekemeny:

MANDAG!
Chili sin carne med søtpotet, oppskrift her

*

TIRSDAG!
Alt-i-ett krema pastagryte med skinke, oppskrift her

*

ONSDAG!
Baconsurra kyllingfilet med bakte rotgrønnsaker og tzatsiki, oppskrift her

*

TORSDAG!
Potet- og purreløksuppe med laks, oppskrift her

*

FREDAG!
Søtpotet nachos, oppskrift her

*

LØRDAG!
Gulrot(kake) havregraut, oppskrift her

*

SØNDAG!
Ovnsbakt laks med den beste fiskesausen, oppskrift her

*

VEKAS MATPAKKETIPS!
Proteinrike havremuffins med eple & kanel, oppskrift her

*

VEKAS BAKETIPS!
Eltefritt brød med havre, spelt og valnøtter, oppskrift her

*

VEKAS EKSTRAOPPSKRIFT!
Saftige havrepannekaker med eplemos, oppskrift under bildet♥

Reklame / produktplassering i samarbeid med Helios

Saftige havrepannekaker med eplemos
3 ss Helios eplemos
1 ss kesam
45 g havremjøl
1 egg
1 ss sukrin gold (eller anna valgfri søtning)
1/2 ts bakepulver
eit dryss kanel og kardemomme

Slik gjer du:
Visp sammen ingrediensane og la røra svelle i 5 minutt. Steik fyldige pannekaker på middels varme til dei er gylne. Bruk steikefett om nødvendig. Server med friske bær og gjerne en god klatt Helios mandelsmør

Desse pannekakene passer like godt til frukost, lunsj og matpakken, som til kaffikoppen eller kveldskosen 🙂 En super måte å bruke både eplemosen og mandelsmøet på – desse to består av 100% eple og mandler, uten kunstige tilsetninger, sukker eller søtstoffer♥

 

Heimelaga knekkebrød med havre, linfrø og cashewnøtter

God torsdag!

Idag er det knekkebrød på menyen. Heimelaga, knasande sprø og gode knekkebrød med havre, linfrø og cashewnøtter. Perfekt til frukost, lunsj, snacks, kveldsmat med akkurat det pålegget du liker best♥

Eg lager som regel alltid heimelaga knekkebrød med eit dryss flaksalt på – det gir det lille ekstra, og knekkebrøda blir ekstra smakfulle og gode (etter mi meining). Du kan sjølvsagt droppe flaksalt for nøytrale knekkebrød, eller du kan lage eit brett av kvar.

Knekkebrød med havre, linfrø og cashewnøtter, 2 brett
200 g havregryn (ca. 4 dl)
200 g havremjøl (ca. 4 dl)
150 g hakka cashewnøtter (ca. 1,5 dl)
70 g linfrø (ca. 0,7 dl)
1 ts salt
1 ss fibersirup gold eller honning (kan sløyfast)
6 dl vatn
evt. flaksalt til topping

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 150 grader varmluft. Bland saman ingrediensene i en bolle og la røra svelle i minst 10 minutt.

2. Kle to langpanner med bakepapir, fordel røra på to og smør jamnt og tynt utover med en slikkepott (tips: skyll slikkepotten underveis i varmt vatn, då blir det enklere å smøre). Strø eventuelt over flaksalt og trykk lett ned i knekkebrøda.

3. Sett inn i ovnen, eit brett oppe og eit brett nede. Etter 10-15 minutter tar du bretta ut av ovnen og skjærer passelige størrelser med en pizzaskjærer.

4. Sett tilbake i ovnen på samme måte. La knekkebrøda no steike 20-30 minutter, eller til dei begynner å bli godt gylne og sprø (kan hende dei treng å stå enda lengre). La bretta bytte plass underveis.

Tips 1, for å sikre deg sprø knekkebrød: når knekkebrøda i utgansgpunktet er ferdige – slå av ovnen, lat opp døra og slipp ut litt varme (5-10 sekunder). La deretter knekkebrøda stå i ettervarmen i minst 1 time, gjerne natta over. Dette trikset skuffer aldri for å få sprø og supergode knekkebrød!

Tips 2, pass på at nøttebitane ikkje er for store: då vil dei laga hol i knekkebrøda og den blir vanskelig å smøre utover. Hakk cashewnøttene midt imellom finhakka og grovhakka. Eg pleier å kjøre dei kjapt i foodprosessoren.

Tips 3, lag havremjøl sjølv: kjør havregryn i en blendar eller foodprosessor, og vips – så har du havremjøl. Bruk glutenfri havregryn og havremjøl for 100% glutenfri knekkebrød.

Etter knekkebrøda er avkjølt brekker du dei opp og oppbevarer i en knekkebrødboks/kakeboks. Dei står seg i månedsvis!

Så godt, så enkelt! Lager du ei slik porsjon så har du knekkebrød lenge♥

Håper alle får en nydelig torsdag!

 

Sjokoladekake med eplemos

Reklame / innlegg i samarbeid med Helios

Det er lillelørdag! Og det er en perfekt, liten unnskyldning for å lage seg noko ekstra godt til kaffikoppen eller kveldsmaten… I forrige veke lagde eg denne sukkerfri, supersaftige, gode sjokoladekaka med eplemos. Eg la eit par biter i frysaren, så skal ikkje sjå vekk ifrå at dette blir lillelørdags-kosen min idag 🙂

Men, sjokoladekake med EPLEMOS?! tenker du kanskje…

Eg skal fortelle deg det at det blei fantastisk godt! Eg har brukt dette mykje tidligare i ulike oppskrifter, men det er første gang eg prøver kombinasjonen mellom eplemos og sjokolade. Det er ikkje slik at eplemosen dominerer smaken på noko måte, men det gir en nydelig sødme og saftighet i både kaka og glasuren. Så valgte eg å lage sjokoladekaka i brødform for å variere det tradisjonelle på enda fleire måter 🙂

Eg har brukt Helios Eplemos som består av 100% eple. Ingen kunstig smak, farge eller konseveringsmiddel. Ikkje tilsatt sukker eller søtningsstoffer. Kun epler!

Og likevell er den fantastisk søt og god. Eg har lagt merke til at smaken varierer litt fra gang til gang, men det er fordi epler er ulike, og dermed blir smaken også litt varierande.

Eplemosen finnes også i en variant med 80% eple og 20% mango. Denne er litt friskare og smaker naturligvis litt mango, men kan brukast på akkurat samme måte eplemosen med 100% eple. Eg synes begge to er skikkelig gode, og dei passer som topping på havregraut, kjøleskapsgraut, chiapudding, yoghurtblandinger, som ingrediens i ulike bakverk (alt fra kveiteboller til pai, kaker og muffins), i desserter, og ikkje minst som topping på gulosten eller cottage cheesen på knekkebrøda.

Denne gangen brukt som ingrediens i sjokoladekake, som virkelig anbefalast!

Sjokoladekake med eplemos i brødform:
200 g Helios Eplemos
3 store egg
30 g smør, smelta
40 g kakaopulver
100 g sikta speltmjøl / kveitemjøl
75 g sukrin gold (eller anna søtning tilsvarande 75 g sukker)
2 ts bakepulver
en god klype salt

Sjokoladeglasur
75 g Helios Eplemos
75 g sukrinmelis (eller anna søtning tilsvarande 75 g melis)
20 g smør, smelta
20 g kakaopulver
1-2 ss fibersirup clear (kan sløyfast)
en god klype salt

Slik gjer du:
Rør sammen eplemos, egg og smelta smør. Tilsett alle tørrvarene og visp til en klumpfri røre. Hell røra i en liten brødform (1 liter) med bakepapir. Steik på 175 grader, over-undervarme på nederste rille i 35-45 minutt, til sjokoladekaka er gjennomstekt. Avkjøl.

Rør samme ingrediensane til sjokoladeglasuren. Smak eventuelt til med meir søtning/kakao. Bre over sjokoladekaka når den er avkjølt. Topp gjerne med litt hakka nøtter, skjær i skiver, og nyt♥

Psst! Du kan også droppe å ta sjokoladeglasuren som topping på kaka, og heller smøre på skivene etterkvart. Det er smart å vente med glasuren dersom du har tenkt å fryse ned sjokoladekaka. Den kan frysast både heil og i skiver, men eg anbefaler å fryse uten glasuren 🙂

Som nevnt i innlegget med nøttesmøra forrige veke: det eg synes er så fint med Helios sine produkter er at dei brenner for rein, bærekraftig og økologisk mat. I heile 50 år har dei produsert mat etter desse prinsippa. Porteføljen er svært brei, alt fra mjøl til krydder, pasta, nøtter, pålegg m.m – sjølvsagt med dei samme kjerneverdiane som alltid ligger bak.

Kjøper du eit produkt hos Helios, så er kvar råvare nøye utvalgt og skånsomt behandla for å bevare alle smak og næring fra naturen. Det blir aldri brukt kunstige tilsetningstoffer eller unødvendige fyllestoffer. Dei er overbevist om at rein mat smaker best,  er best for helsa, og er best for kloden♥

Kjøp gjerne Helios Eplemos eller Eplemos m/ mango på Kolonial sin heimeside her♥ Dei selgast også på Life butikker, Sunkost, utvalgte Meny-, Spar-, Mega-, og OBS butikker.

Og lov meg å prøve denne sjokoladekaka når du har fått eplemosen i hus!!! Så god!

 

Alt-i-ett krema pastagryte med skinke

God tirsdag alle sammen!

Er du på utkikk etter kva du skal ha til middag idag, så er du komt på rette plassen. Alt-i-ett krema pastagryte med skinke er dagens oppskrift, og eg veit av erfaring at desse alt-i-ett oppskriftene alltid blir tatt godt imot hos dokke 🙂

Alt-i-ett middager er som nevnt tidligare middager der du har alt i en gryte. Noko ekstra tilbehør er ikkje nødvendig, og du setter heile gryta på bordet til servering. Muligheten for variasjon er stor, og ein kan bytte ut og trikse til oppskrifta akkurat som ein ønsker ut fra kva ein liker og har tilgjengelig.

Denne varianten med skinke er ferdig på 20-30 minutt og er superenkel å lage: 

Du trenger, ca. 4 personer
ca. 600 g skinke, i terninger (eg brukte 2 bokser bogskinke, totalt 650 g)
200 g valgfri pasta (eg brukte fullkornspasta, du bruker f.eks glutenfri pasta om det er nødvendig)
2-3 gulrøtter, i terninger
1 rødløk, grovhakka
100 g fersk spinat
1 brokkoli, i buketter
7 dl kyllingkraft, evt. buljong/fond
1 boks, 300 g creme fraiche
100 g raspa ost
Salt og pepper

Slik gjer du:
→ Ha kyllingkraft og creme fraiche i bunnen av ei gryte, fyll på med pasta, gulrot, rødløk og spinat. La dette småkoke under lokk i ca. 10 minutt…

→ Tilsett deretter skinke i terninger, brokkoli i buketter og raspa ost. La dette småkoke i 4-5 minutt til… Smak til med salt og pepper, ha gjerne over litt grovhakka urter, sett gryta på bordet og nyt♥

PS! Spe på med litt meir kyllingkraft/vatn om nødvendig. 

Kva seier du? Eg seier terningskast 6!
Ein super kvardagsmiddag med massevis av grønnsaker, som både er familievennlig, rask å lage, veldig enkel, krever lite oppvask, perfekt å variere… Bedre kan det nesten ikkje bli 😉

Tips – vegetar!
Bytt ut skinke med belgfrukt for vegetarvariant. Eg hadde likt store, kvite bønner i denne gryta, men du kan også bruke andre typer bønner eller kikerter.

Velbekomme – håper det ser fristande ut!


Hugs at eg blir veldig glad for tilbakemeldinger! Tag meg gjerne på instagram med både @lindastuhaug og #lindastuhaug, slik at eg er sikker på at eg får med meg at du lager oppskrifter. Du kan også legge igjen en hilsen i kommentarfeltet her på bloggen, eller på facebook-sida mi HER

 

Dei 6 mest populære innlegga/oppskriftene i september

Og vips – så var vi godt i gang med oktober måned!

Vi er allerede komt til 7.oktober, men bedre seint enn aldri. Eg holder på tradisjonen om å samle opp dei mest populære oppskriftene/innlegga fra måneden som er forbi. Både for min egen del, men også for dokke – eg veit mange liker denne oppsummeringa!

Så, her er topp 6 innlegg fra september:

Sukkerfri plommekake med vaniljekrem → OPPSKRIFT HER.
Luftig, saftig plommekake med vaniljekrem. Rett og slett nydelig god! Har du norske plommer til overs, prøv denne kaka. Du kjem ikkje til å angre!

*

Indisk alt-i-ett linsegryte med søtpotet & kikerter → OPPSKRIFT HER.
Ei skikkelig smakfull og nydelig alt-i-ett linsegryte med søtpotet & kikerter. Indiske smaker er alltid godt, og det er heilt supert som kjøttfritt alternativ!

*

Mine beste matpakketips for deg som vil ha en fargerik, sunn & digg matpakke → INNLEGG HER.
Eg deler mine fire beste matpakketips som sikrer deg en fargerik, sunn og digg matpakke kvar einaste dag. Det trenger absolutt ikkje vere komplisert, tvert imot – små triks kan utgjere ein stor forskjell!

*

Fylte, grove pannekaker med krema spinat → OPPSKRIFT HER.
Fylte pannekaker passer med det aller meste av fyll, og denne gangen blei det krema spinat. Saftig, godt og veldig enkelt, og ei oppskrift som veldig mange har laga dei siste vekene!

*

Sukkerfri eplekake med vaniljekrem → OPPSKRIFT HER
Nesten samme oppskrift som plommekaka, men med eple. Eg har fleire oppskrifter på eplekakrr, men dette er definitivt den beste. Fantastisk god!

*

Krema blomkålform med laks → OPPSKRIFT HER
Åh, denne oppskrifta har virkelig slått an! Utrulig mange gode tilbakemeldinger, det er stas. En knallgod kvardagsmiddag for heile familien!

Kva har vore din favorittoppskrift fra september? Det må ikkje vere oppskrift som eg delte i september 🙂 Kanskje du har funne ein anna favoritt i arkivet? Del gjerne! 

 

Vekemeny 41/2019

Heisann!

Det er søndag igjen, og avslutning eller starten på høstferien for mange. Ferie eller ei, middagen må på bordet, og eg har som alltid satt sammen eit forslag til vekemeny til dokke 🙂 En god miks av ulike oppskrifter, og eg håper det er noko for einkvar smak:

MANDAG!
Fargerik, vegetarisk pastasalat, oppskrift her

*

TIRSDAG!
Spinatsuppe med pannestekt torsk, oppskrift her

*

ONSDAG!
Gratinert kyllingform med sukkerfri sweet chili saus, oppskrift her

*

TORSDAG!
Kreolsk laksepanne, oppskrift her

*

FREDAG!
Heimelaga burger med sprø søtpotetfries, oppskrift her

*

LØRDAG!
Dessert til frukost – frukostskål med søte, varme bær, oppskrift her

*

SØNDAG!
Hjortekarbonader med krema kantarell, oppskrift her

*

VEKAS BAKETIPS!
Sunnare snickerskake – ein enkel favoritt, oppskrift her

*

VEKAS MATPAKKETIPS!
Supre havrevafler som passer med både salt & søtt pålegg, oppskrift her

*

VEKAS EKSTRAOPPSKRIFT!
Knasande sprø, rista kikerter, oppskrift her

Om eg får inspirert med en, to eller sju oppskrifter – så er eg uansett fornøgd! Eg veit det er nokon som følger vekemenyane slavisk, og eg veit det er nokon som plukker ut det som frister mest. Glad for å inspiere er eg uansett kor mange oppskrifter som blir tatt i bruk 🙂

Ha en nydelig søndag!