Linda Stuhaug

Annonse

4. mars 2020

Stekt breiflabb med blomkålpotetstappe, asparges og chorizo

Visste du at breiflabb blir kalla «Havets indrefilet»? Breiflabb har eit fantasisk mørt, saftig og godt fiskekjøtt. Den er kanskje ikkje veldig enkel å få tak i, eg er så heldig og har ein pappa som engasjerer seg i alt eg gjer, og han kom heim med breiflabb for ei tid tilbake og sa at eg måtte lage noko godt til bloggen 🙂 Det er eg veldig glad for, for dette var ein heilt ny fisk for min del – utrulig kjekt å prøve noko nytt!
Eg har her pannestekt breiflabben og servert med blomkålpotetstappe, asparges og sprøsteikt chorizo. En fantastisk god kombinasjon!
PS! Har du ikkje breiflabb kan du sjølvsagt bytte med torsk, sei eller anna kvit fisk du liker 🙂
Du trenger, ca. 4 personer 1 kg breiflabbfilet 250 g chorizopølse 1-2 bunter asparges smør til steiking
Blomkålpotetstappe 750 g poteter 1 stor blomkål 1-2 ss smør 0,5-1 dl melk eller fløyte salt og pepper
Slik gjer du: 1. Start med blomkålpotetstappa. Skrell poteter og del i mindre biter. Kutt blomkål i buketter. Sett på kok og la det småkoke til bitane er møre, ca. 15 minutt. I mellomtida lager du til resten.
2. Skjær chorizopølse i terninger og sprøsteik i smør. Sett til side.
3. Kok asparges i ca. 30 sekund.
4. Skjær breiflabben i passelige porsjonsstykker. Krydre med salt og pepper, og steik i smør på litt over middels varme i 2-3 minutt på kvar side, til dei akkurat er gjennomstekt. La fisken kvile medan du lager til potetmosen.
5. Hell av kokevatnet og la det dampe seg tørt. Mos med ein potetstapper og smak til med smør, melk, salt og pepper.
Server den pannestekte bleiflabben på en seng av blomkålpotetstappe, asparges og topp til slutt med sprøstekt chorizo. Nam!
Og du! Hugs at du på ingen måte må følge oppskrifta slavisk 🙂 Lyst på bacon istedenfor chorizo? Bruk det! Lyst på brokkoli istedenfor asparges? Bruk det! Lyst på søtpotet istedenfor potet? Bruk det!
Håper middagen ser fristande ut – om du bruker breiflabb eller anna fisk – så er dette uansett ein middag som passer til både kvardag og helg 🙂

Visste du at breiflabb blir kalla «Havets indrefilet»? Breiflabb har eit fantasisk mørt, saftig og godt fiskekjøtt. Den er kanskje ikkje veldig enkel å få tak i, eg er så heldig og har ein pappa som engasjerer seg i alt eg gjer, og han kom heim med breiflabb for ei tid tilbake og sa at eg måtte lage noko godt til bloggen 🙂 Det er eg veldig glad for, for dette var ein heilt ny fisk for min del – utrulig kjekt å prøve noko nytt!

Eg har her pannestekt breiflabben og servert med blomkålpotetstappe, asparges og sprøsteikt chorizo. En fantastisk god kombinasjon!

PS! Har du ikkje breiflabb kan du sjølvsagt bytte med torsk, sei eller anna kvit fisk du liker 🙂

Du trenger, ca. 4 personer
1 kg breiflabbfilet
250 g chorizopølse
1-2 bunter asparges
smør til steiking

Blomkålpotetstappe
750 g poteter
1 stor blomkål
1-2 ss smør
0,5-1 dl melk eller fløyte
salt og pepper

Slik gjer du:
1. Start med blomkålpotetstappa. Skrell poteter og del i mindre biter. Kutt blomkål i buketter. Sett på kok og la det småkoke til bitane er møre, ca. 15 minutt. I mellomtida lager du til resten.

2. Skjær chorizopølse i terninger og sprøsteik i smør. Sett til side.

3. Kok asparges i ca. 30 sekund.

4. Skjær breiflabben i passelige porsjonsstykker. Krydre med salt og pepper, og steik i smør på litt over middels varme i 2-3 minutt på kvar side, til dei akkurat er gjennomstekt. La fisken kvile medan du lager til potetmosen.

5. Hell av kokevatnet og la det dampe seg tørt. Mos med ein potetstapper og smak til med smør, melk, salt og pepper.

Server den pannestekte bleiflabben på en seng av blomkålpotetstappe, asparges og topp til slutt med sprøstekt chorizo. Nam!

Og du! Hugs at du på ingen måte må følge oppskrifta slavisk 🙂 Lyst på bacon istedenfor chorizo? Bruk det! Lyst på brokkoli istedenfor asparges? Bruk det! Lyst på søtpotet istedenfor potet? Bruk det!

Håper middagen ser fristande ut – om du bruker breiflabb eller anna fisk – så er dette uansett ein middag som passer til både kvardag og helg 🙂

Annonse

4 Kommentarer

B

Beate

4. mars 2020

Åhhh, det så nyyydelig ut! Elsker kveite! Mmm! Takk for all din konstante gode inspirasjon, Linda! Klem!❤️

Linda Stuhaug

5. mars 2020

Kveite og breiflabb er vell ikkje det samme, men du kan bruke kveite også sjølvsagt 🙂 Kjekt å inspirere <3

B

Beate

5. mars 2020

Haha, jeg mente breiflabb!!! ❤️

Linda Stuhaug

6. mars 2020

Haha 🙂 <3

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg