Linda Stuhaug

Annonse

1. november 2021

Sukkerfri gresskarkake med sjokoladeglasur

Sukkerfri gresskarkake med sjokoladeglasur
Åh, eg har laga ei skikkelig saftig og god GRESSKARKAKE som er perfekt å lage visst du har gresskar i heimen♥ I kaka har eg brukt litt gode krydder for å få en litt sånn «krydderkake» smak, og som glasur har eg laga ein enkel sjokoladeglasur som var nydelig på smak!
Enten du har heile gresskar eller allerede har skjært ut gresskar, så kan du berre dele det på tvers, legge det opp-ned på eit steikebrett med bakepapir og bake det i ovnen på 200 grader til det er mørt. Deretter «graver» du det møre fruktkjøttet ut av skallet, moser med stavmikser, så har du verdens enklaste gresskarmos som du kan bruke i bakst, suppe, pannekaker, vafler, brød, scones eller denne kaka her 🙂
Til kaka, form på 20×30 cm: 250 g gresskarmos 2 store egg 2 dl melk 150 g valgfritt mjøl (eg brukte 100 g sammalt spelt og 50 g sikta spelt) 50 g sukrin+ (eller anna søtning tilsvarande 100 g sukker) 1 ts bakepulver 1 ts kanel, kardemomme og vaniljepulver/vaniljesukker Eit godt dryss muskatnøtt og nellik
Glasur: 40 g smør 40 g mørk, sukkerfri sjokolade (eller vanlig mørk sjokolade) 15 g sukrin+ (eller 30 g anna søtning) 1 god ss kremost
Slik gjer du: Rør sammen alle ingrediensane til kaka. Ha røra i en form med bakepapir, og steik på 200 grader, midt i ovnen i ca 30 minutt – eller til den er gjennomstekt. Avkjøl.
Smelt smør, mørk sjokolade og sukrin+ til det er varmt og flytande. Avkjøl i kjøleskapet og rør inn kremosten. Bre over kaka.
Så er det berre å nyte eit kakestykke eller tre😍 Eit sunnare og godt alternativ som smakte heilt nydelig!
TIPS: hokkaido gresskar eller flaskegresskar er defintivt dei beste på smak, men du kan sjølvsagt bruke Halloween-gresskaret også 🙂 Det har vertfall INGENTING i søppelet å gjere, fruktkjøttet er veldig anvendelig og fullt brukbart!
Håpe du vil prøve!

Åh, eg har laga ei skikkelig saftig og god GRESSKARKAKE som er perfekt å lage visst du har gresskar i heimen♥ I kaka har eg brukt litt gode krydder for å få en litt sånn «krydderkake» smak, og som glasur har eg laga ein enkel sjokoladeglasur som var nydelig på smak!

Enten du har heile gresskar eller allerede har skjært ut gresskar, så kan du berre dele det på tvers, legge det opp-ned på eit steikebrett med bakepapir og bake det i ovnen på 200 grader til det er mørt. Deretter «graver» du det møre fruktkjøttet ut av skallet, moser med stavmikser, så har du verdens enklaste gresskarmos som du kan bruke i bakst, suppe, pannekaker, vafler, brød, scones eller denne kaka her 🙂

Til kaka, form på 20×30 cm:
250 g gresskarmos
2 store egg
2 dl melk
150 g valgfritt mjøl (eg brukte 100 g sammalt spelt og 50 g sikta spelt)
50 g sukrin+ (eller anna søtning tilsvarande 100 g sukker)
1 ts bakepulver
1 ts kanel, kardemomme og vaniljepulver/vaniljesukker
Eit godt dryss muskatnøtt og nellik

Glasur:
40 g smør
40 g mørk, sukkerfri sjokolade (eller vanlig mørk sjokolade)
15 g sukrin+ (eller 30 g anna søtning)
1 god ss kremost

Slik gjer du:
Rør sammen alle ingrediensane til kaka. Ha røra i en form med bakepapir, og steik på 200 grader, midt i ovnen i ca 30 minutt – eller til den er gjennomstekt. Avkjøl.

Smelt smør, mørk sjokolade og sukrin+ til det er varmt og flytande. Avkjøl i kjøleskapet og rør inn kremosten. Bre over kaka.

Så er det berre å nyte eit kakestykke eller tre😍 Eit sunnare og godt alternativ som smakte heilt nydelig!

TIPS: hokkaido gresskar eller flaskegresskar er defintivt dei beste på smak, men du kan sjølvsagt bruke Halloween-gresskaret også 🙂 Det har vertfall INGENTING i søppelet å gjere, fruktkjøttet er veldig anvendelig og fullt brukbart!

Håpe du vil prøve!

Annonse

2 Kommentarer

J

Jørgine

2. november 2021

heia! Har en del gresskar til overs selv, og tenkte å prøve å bake litt med det. Hvordan tror du det vil bli å lage søtpotetpizzaen din, men bytte ut søtpotet med gresskarmos ?

Linda Stuhaug

2. november 2021

Hei! Godt spørsmål – eg har ingen anelse…! Men prøv gjerne 😀

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg