Annonse
21. oktober 2019
Thaisuppe med rista gresskarkjerner
God mandag!
Håper alle har hatt ei nydelig helg, og er klar for ei ny veke 🙂 Eg reiser faktisk til Oslo idag, for første gang etter eg solgte leiligheta mi for akkurat 13 måneder sidan. Eg budde i Oslo i heile tre år, og har ikkje vore i storbyen sidan det kapittelet vart avslutta i september 2018. Eg fekk rett og slett heile Oslolivet litt opp i halsen, men no – no kjenner eg meg endelig klar for å reise tilbake, og eg gleda meg veldig 🙂
Men før den tid så skal eg dele oppskrift på denne deilige thaisuppa med rista gresskarkjerner! Veldig god, enkel å lage og en super kvardagsmiddag:
Thaisuppe, 4-6 personer
♦ 15 dl grønnsakskraft, evt. buljong eller fond
♦ 600 g gulerøtter, i biter
♦ 600 g søtpotet, i biter
♦ 1 blomkål eller brokkoli (bruk det du har – eg brukte 1/2 av kvar)
♦ 1-2 løk, evt. vårløk eller purreløk, grovhakka
♦ 3-4 fedd kvitløk, hakka
♦ 2 ss revet, frisk ingefær
♦ 2-4 ss red curry paste
♦ 1 kartong, 400 ml kokosmelk
♦ salt og pepper
♦ smør eller olje til steiking
Slik gjer du:
Steik løk, kvitløk og ingefær i smør eller olje til løken er blank. Tilsett grønnsakskraft, gulerøtter, søtpotet og blomkål/brokkoli. Kok opp og la det småkoke til grønnsakene er møre (10-20 minutt, kjem an på størrelsen på grønnsakene).
Kjør suppa glatt med stavmiksar. Tilsett kokosmelk og smak til med red curry paste, salt og pepper. Server!
Rista gresskarkjerner
150-200 g gresskarkjerner
2 ts olje eller smør
maldonsalt
Slik gjer du:
Varm opp olje/smør i en steikepanne, bruk litt over middels varme. Tilsett gresskarkjernene og la dei steike til gresskarkjernene begynner å poppe. Tilsett maldonsalt, rør godt og la gresskarkjernene avkjøle seg på bakepapir. Oppbevar på glass.
Rista gresskarkjerner er berre fantastisk godt som topping på alle slags supper! Anbefalast virkelig å prøvast 🙂 Det er også godt som topping på salater eller berre som snacks – så lag gjerne opp mykje og ha ståande i glass.
TIPS!
Denne suppa er heilt knall å fryse 🙂 Har du rester igjen, frys ned – så har du en lettvint middag seinare! Den er også veldig god å toppe med for eksempel laks, kylling eller bacon – visst du har rester igjen av det etter middagen ein dag.
Velbekomme!
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR