12 middager som er fine å fryse!

Hei onsdag!
For to veker sidan delte eg innlegget som blei tatt veldig godt imot. Eg spurte også om de hadde forslag til fleire lignande innlegg, og då var det fleire som ville ha middager som er fine å fryse. Idag har er derfor samla 12 middager som er heilt supre å ha liggande på lur i frysaren. Tenk å komme heim og kun fokusere på å varme opp den ferdige middagen – klart på null tid! Det er ganske så digg, er det ikkje?

Visst du allereie veit kvelden i forvegen at ettermiddagen blir hektisk, så ta gjerne opp middagsmaten og la den tine i kjøleskapet over natta. Eg synes alltid resultatet blir best då, og det går enda kjappare å få middagen på bordet. Men det går sjølvsagt an å tine/varme middagen fra fryst tilstand også 🙂

*
.
Heimelaga pizza, uansett kva type det er – er perfekt å fryse. Del opp i stykker og frys ned i bokser/pakk inn i matpapir. Varm opp igjen pizzaen i steikeovnen til den er gjennomvarm.

*
.
Dei aller fleste supper er perfekt å fryse, og smaker like godt etter dei har vore fryst. Eg er litt forsiktig med å fryse supper med mykje biter (fiskesuppe, thaisuppe osv) – men supper som blomkålsuppe, tomatsuppe, gulrotsuppe, søtpotetsuppe og lignande (dei som er most med stavmiksar) synes eg er heilt toppers å varme opp igjen i en kjele etter frysing.










