Linda Stuhaug

Annonse

9. februar 2018

Sukkerfri ostekake med vanilje og lime

Sukkerfri ostekake med vanilje og lime
Endelig fredag!
Eg reiser til Gol for å stå på ski denne helga, så det blir verken fastelavensbolla eller morsdagskake her i gården, men det betyr ikkje at eg kan dele oppskrifter med dåkke fordet! Fastelavensbolla delte eg oppskrift på HER på onsdag, så då det er morsdagskaka som gjenstår…
Eg lurte på om eg skulle lage eit oppsummeringsinnlegg, men det er jo ikkje sikkert det absolutt er kake alle vil ha. Går du i menyen min så finner du sukkerfri, søte oppskrifter under «Snacks», «Desserter», «Kaker», «Muffins» og «Oppskrifter uten helsekostprodukt» så kan jo man scrolle og finne det som frister 🙂 Dagens oppskrift fra meg blir denne nydelig ostekaka!
Foto: Jon Marius Nilsson
Ostekake har eg delt tidligare, men denne oppdaterte oppskrifta og bildene finner du kun i boka mi. I første opplag forsvant dessverre gelatinplatene frå ingredienslista, så derfor har eg lyst å dele oppskrifta med dåkke her på bloggen, så det er mulig å finne den igjen for alle 🙂 (Det blei sendt ut informasjonsmail til alle som hadde forhåndsbestilt/bestilt boka frå dette opplaget).
Foto: Jon Marius Nilsson
Ei enkel, sukkerfri kake som passer heile familien, om man vil eller må lage eit sukkerfritt og/eller glutenfritt/laktosefritt/sunnare alternativ.
Foto: Jon Marius Nilsson
Bunn 50 g havregryn (evt. glutenfri) 100 g mandlar 100 g ferske, saftige dadlar (utan stein) 2 ts Sukrin+ 10 g smør
Fyll 400 g kremost naturell 300 g gresk yoghurt 2 dl melk safta frå 2 lime 4 ss Sukrin+ 5 gelatinplater 1 ts ekte vaniljepulver (kan sløyfast, men bruk då 2 vaniljestenger) frø frå 1 vaniljestang
Topping Friske bær
Framgangsmåte 1. Køyr alle ingrediensane til bunnen utanom smør i ein kraftig blender eller foodprosessor i ca. 2 minutt til alt er godt malt og du får ein klissete masse. Tilsett smelta smør og bland godt. Juster eventuelt med litt meir smør om nødvendig.
2. Fordel massen i ei form med diameter på 22 cm og trykk den jamt og kompakt utover. Sett bunnen i frysaren medan du lager fyllet.
3. Kok forsiktig opp melk, Sukrin+, vaniljepulver og frø frå 1 vaniljestang. Bløytlegg gelatinplatene i kaldt vatn i 3–4 minutt til dei er mjuke. Knip ut vatnet og smelt i den varme melke­ blandinga. Avkjøl litt.
4. Rør saman kremost, yoghurt og limesaft. Visp deretter melke­ blandinga inn i ostemassen.
5. Hell blandinga over bunnen og sett til avkjøling, gjerne natta over. Oppbevar ostekaka i kjøleskap, den holder seg fint eit par- tre dager.
Foto: Jon Marius Nilsson
Tips og alternativ Ostekaka kan fint lagast laktosefri; då bruker du berre laktosefri philadelphia, yoghurt og melk.
Foto: Jon Marius Nilsson
Håper det frister, godtfolk!
Då gjenstår det å sei riktig god helg, nyt den ♥

Endelig fredag!

Eg reiser til Gol for å stå på ski denne helga, så det blir verken fastelavensbolla eller morsdagskake her i gården, men det betyr ikkje at eg kan dele oppskrifter med dåkke fordet! Fastelavensbolla delte eg oppskrift på HER på onsdag, så då det er morsdagskaka som gjenstår…

Eg lurte på om eg skulle lage eit oppsummeringsinnlegg, men det er jo ikkje sikkert det absolutt er kake alle vil ha. Går du i menyen min så finner du sukkerfri, søte oppskrifter under «Snacks», «Desserter», «Kaker», «Muffins» og «Oppskrifter uten helsekostprodukt» så kan jo man scrolle og finne det som frister 🙂 Dagens oppskrift fra meg blir denne nydelig ostekaka!

Sanity Image

Foto: Jon Marius Nilsson

Ostekake har eg delt tidligare, men denne oppdaterte oppskrifta og bildene finner du kun i boka mi. I første opplag forsvant dessverre gelatinplatene frå ingredienslista, så derfor har eg lyst å dele oppskrifta med dåkke her på bloggen, så det er mulig å finne den igjen for alle 🙂 (Det blei sendt ut informasjonsmail til alle som hadde forhåndsbestilt/bestilt boka frå dette opplaget).

Sanity Image

Foto: Jon Marius Nilsson

Ei enkel, sukkerfri kake som passer heile familien, om man vil eller må lage eit sukkerfritt og/eller glutenfritt/laktosefritt/sunnare alternativ.

Sanity Image

Foto: Jon Marius Nilsson

Bunn
50 g havregryn (evt. glutenfri)
100 g mandlar
100 g ferske, saftige dadlar (utan stein)
2 ts Sukrin+
10 g smør

Fyll
400 g kremost naturell
300 g gresk yoghurt
2 dl melk
safta frå 2 lime
4 ss Sukrin+
5 gelatinplater
1 ts ekte vaniljepulver (kan sløyfast, men bruk då 2 vaniljestenger)
frø frå 1 vaniljestang

Topping
Friske bær

Framgangsmåte
1. Køyr alle ingrediensane til bunnen utanom smør i ein kraftig blender eller foodprosessor i ca. 2 minutt til alt er godt malt og du får ein klissete masse. Tilsett smelta smør og bland godt. Juster eventuelt med litt meir smør om nødvendig.

2. Fordel massen i ei form med diameter på 22 cm og trykk den jamt og kompakt utover. Sett bunnen i frysaren medan du lager fyllet.

3. Kok forsiktig opp melk, Sukrin+, vaniljepulver og frø frå 1 vaniljestang. Bløytlegg gelatinplatene i kaldt vatn i 3–4 minutt til dei er mjuke. Knip ut vatnet og smelt i den varme melke­ blandinga. Avkjøl litt.

4. Rør saman kremost, yoghurt og limesaft. Visp deretter melke­ blandinga inn i ostemassen.

5. Hell blandinga over bunnen og sett til avkjøling, gjerne natta over. Oppbevar ostekaka i kjøleskap, den holder seg fint eit par- tre dager.

Sanity Image

Foto: Jon Marius Nilsson

Tips og alternativ
Ostekaka kan fint lagast laktosefri; då bruker du berre laktosefri philadelphia, yoghurt og melk.