Annonse
17. oktober 2019
Bringebær- og jordbærsmoothie med ekstra grønt
Eg har skikkelig dilla på smoothie om dagane!
Smoothie er kveldsmaten min (nesten) kvar einaste dag. Eg bruker ingen oppskrift, men slumper oppi med frosne grønnsaker, frukt og bær etter kva eg har tilgjengelig. Når oppskrifta skal delast med dokke, så prøver eg naturligvis å ta nokolunde mål 🙂
Denne smoothien lagde eg for eit par veker sidan, ei skål fylt med mange gode smaker og (skjulte) grønnsaker. Eg lager aldri smoothie uten grønnsaker lengre, det er jo ein heilt genial måte å lure inn litt ekstra grønt på, uten at ein nødvendigvis kjenner det på smaken:
Til en person:
♦ 100 g fryste bringebær
♦ 100 g fryste jordbær
♦ 3-4 buketter fryst brokkoli
♦ 3-4 buketter fryst blomkål
♦ 150 g valgfri yoghurt eller kokosmelk (eg brukte naturell yoghurt)
♦ 1 ss proteinpulver i vaniljesmak (kan selfølgelig g sløyfast, eg brukte det fordi eg synes det gir en god smak)
Slik gjer du:
Kjør ingrediensane klumpfri med blendar eller stavmiksar. Eg foretrekker stavmiksar når eg skal ha ein skikkelig fyldig smoothie. Smak til om du eventuelt ønsker smoothien søtare, og juster med væske til den konsistensen du ønsker.
Hell over i ei skål og topp med det du måtte ønske. Nyt straks♥
Eg toppa smoothien med frosne bringebær, nøttesmør og eit dryss kokos 🙂
En fargerik, næringsrik og super smoothie som passer like godt til frukost, lunsj, mellommåltid eller kveldsmat♥
Andre grønnsaker eg pleier å bruke i smoothie utenom brokkoli og blomkål, er rødbeter, brokkolistilk, spinat og gulrot. Har du fleire tips til grønnsaker i smoothie? Noko du pleier å bruke? Del gjerne 😀
Annonse
6 Kommentarer
Live
9. februar 2022
Linda Stuhaug
10. februar 2022
Nico
22. oktober 2019
Linda Stuhaug
22. oktober 2019
Renate
22. oktober 2019
Linda Stuhaug
22. oktober 2019
SKRIV EN KOMMENTAR