Annonse
17. januar 2024
Derfor får du ikkje svar på kor mange kalorier det er i oppskriftene mine

Det er januar, og eg merker eit økt fokus på at følgere vil vite kor mykje kalorier det er i oppskriftene mine. Derfor vil eg gjenta det eg har sagt mange ganger før - eg kjem aldri til å ha eit fokus på kalorier i det eg deler. Må eller vil du vite det, så må du nesten rekne på det sjølv. Og her er mine fire grunner til kvifor:
1) Antall kalorier seier absolutt ingenting om måltidets kvalitet, eller kor sunt måltidet er
2) Når ein først begynner å telle kalorier er det fort å bli besatt, og det kan dere veldig vanskelig å komme seg ut av en ond sirkel med kaloritelling
3) Eg ønske ikkje å bruke min plattform til å potensielt skape matfrykt, eg har sjølv blitt påvirka negativt som ung
4) Eg ønske å fokusere på matglede, mestring og inspirasjon, og antall kalorier har absolutt ingenting med det å gjere

Å Ikkje fokusere på kalorier i oppskriftene eg deler og mine sosiale kanaler er eit bevisst valg eg tok for mange år sida🌟 Eg veit det er veldig delte meininger om dette, og at folk absolutt har ulike grunner til å faktisk rekne på kalorier i maten ein ete. Men i oppskriftene mine kjem eg aldri til å dele, svare eller fokusere på kalorier.
Når eg var midt i min egen livsstilsendring blei eg introdusert for kaloritelling, og det skapte etterkvart en stor matfrykt og ødela mange år med matglede. Når eg først kom meg ut av den onde kalorisirkelen forstod eg kor stor konsekvens det kan ha å bli besatt av eit tall. Det ønsker eg rett og slett ikkje å potensielt introdusere for andre der ute, unge som eldre, jenter som gutter❤️
PS! Hugs at det er stor forskjell på å vere BEVISST og BESATT!
Annonse
4 Kommentarer
Elisabeth
17. januar 2024
Linda Stuhaug
18. januar 2024
Janne
17. januar 2024
Linda Stuhaug
18. januar 2024
SKRIV EN KOMMENTAR