Annonse
21. februar 2020
Eltefritt havrebrød med chiafrø
God fredag!
Kan eg friste med ferskt, eltefritt brød til helgefrukosten?
Dei få gangane eg svinger meg rundt på kjøkkenet for å bake gjærbakst akà brød, så foretrekker eg definitivt å lage eltefritt brød. Då rører eg raskt saman ingrediensane, og lar deigen heve på benken i 12-20 timer. Deretter knar eg opp deiga med mjøl, lar deiga etterheve og steiker i ei støypejernsgryte. Brødet blir alltid luftig, saftig og får sprø skorpe heile vegen rundt.
Idag har eg en ny oppskrift på eltefritt brød å dele med dokke: ELTEFRITT HAVREBRØD MED CHIAFRØ! Eg har fått litt ekstra sansen for chiafrø i det siste, og måtte også teste det ut i eltefritt brød. Det funka heilt utmerket, og kan virkelig anbefalast!
Du trenger, 1 stort brød
300 g sikta speltmjøl / kveitemjøl (+ ekstra til utbaking)
100 g sammalt speltmjøl / kveitemjøl (kan byttast med 100 g ekstra havremjøl)
100 g havremjøl
100 g havregryn
3 ss chiafrø
3 ss solsikkekjerner
1 ts salt
1 ts sukker eller flytande honning
1 ts tørrgjær
6,5 dl vatn
Slik gjer du:
Dag 1: Bland saman tørrvarene. Tilsett honning og vatn og rør saman til ein klissete deig. Dekk til deigen og la den heve på kjøkkenbenken i 10–20 timar.
Dag 2: Strø litt mjøl på kjøkkenbenken. Hell over deigen og kna inn sikta speltmjøl eller kveitemjøl til deigen er metta og held på forma. La brødet etterheve i 1 1⁄2–2 timar.
Når det er 30 minutt igjen av hevetida: Sett ei støpejernsgryte med lokk inn i ovnen og skru på 250 grader over– og undervarme. Etter 30 minutt tar du gryta ut av ovnen. Pass på, den er glovarm!
Lemp deigen ned i gryta og sett på lokket. Steik midt i ovnen, framleis på 250 grader, i 30 minutt. Skru ovnen ned til 200 grader og ta lokket av gryta. Brødet skal no steike i ytterlegare 10–15 minutt, til overflata får ein godt gyllen og fin farge.
Løft brødet ut av gryta og la det avkjøle seg på rist. Oppbevar brødet i kjøkkenhandkle, papirpose eller brødboks for å bevare den sprø skorpa.
Ingen elting, minimalt med innsats! Eit brød som holder seg ferskt i fleire dager, og som sjølvsagt fint kan frysast 🙂
PS! Eg har og prøvd å lage eltefritt brød UTEN å etterheve. Brødet blir ikkje like luftig og like høgt, men det fungerer det også – visst du er utålmodig eller har dårlig tid for eksempel. Litt etterheving blir det uansett, for ovnen må jo varme seg opp, og støpejernsgryta må jo bli varm. Så kna opp deiga og la den etterheve den halvtimen det tar for å varme ovnen og støpejernsgryta 🙂
Har du lyst å prøve? Dette er så enkelt og noko virkelig alle kan få til!
Håper det ser fristande ut! Eg kan ikkje hugse sist eg bakte brød uten den eltefrie metoden, og det blir nok lenge til neste gang også. For dette er rett og slett så genialt 🙂
Hugs at eg alltid blir glad for tilbakemeldinger på oppskrifter de prøver ut, enten det er her på bloggen, på instagram under @lindastuhaug eller facebook-sida mi HER. Tag gjerne både @lindastuhaug og #lindastuhaug når du deler oppskrifter på instagram også, så får eg både varsel OG finner eg dei igjen♥
Annonse
46 Kommentarer
Lina
5. august 2020
Linda Stuhaug
7. august 2020
Heidi Anita Folland
19. mars 2021
Linda Stuhaug
20. mars 2021
Heidi Anita Folland
18. mars 2021
Linda Stuhaug
19. mars 2021
Bente Svensli
10. januar 2021
Linda Stuhaug
10. januar 2021
Kristin Heggestad Myhre
10. januar 2021
Linda Stuhaug
10. januar 2021
Linda Husevåg Synnes
5. juni 2022
Linda Stuhaug
6. juni 2022
Runa
24. april 2020
Linda Stuhaug
26. april 2020
Nina
10. april 2020
Linda Stuhaug
11. april 2020
Iwona
7. mars 2020
Linda Stuhaug
8. mars 2020
Ellen Sofie Marstrander
1. mars 2020
Linda Stuhaug
2. mars 2020
Ellen Sofie Marstrander
1. mars 2020
Linda Stuhaug
2. mars 2020
Janita
26. februar 2020
Linda Stuhaug
27. februar 2020
Gro
26. februar 2020
Linda Stuhaug
26. februar 2020
Tove Valseth
24. februar 2020
Linda Stuhaug
25. februar 2020
Morten
22. februar 2020
Linda Stuhaug
22. februar 2020
Maria
21. februar 2020
Linda Stuhaug
22. februar 2020
Mona
21. februar 2020
Linda Stuhaug
22. februar 2020
Anne Therese
21. februar 2020
Linda Stuhaug
21. februar 2020
Silje
21. februar 2020
Linda Stuhaug
21. februar 2020
Emilie
21. februar 2020
Linda Stuhaug
21. februar 2020
Sofie
6. april 2022
Linda Stuhaug
6. april 2022
Cathrine Langevold
13. april 2022
Linda Stuhaug
18. april 2022
Live
1. oktober 2022
Linda Stuhaug
2. oktober 2022
SKRIV EN KOMMENTAR