Linda Stuhaug

Annonse

Enkle omelettmuffins

Enkle omelettmuffins
God onsdag!
Kvardagen er godt i gang igjen, og med det har eg eit supert matpakketips til dokke idag: OMELETTMUFFINS♥ Dette er rett og slett omelett i muffinsformer som du kan lage ulike smaker og varianter på. Du mikser sammen ingredienser, har alt i muffinsformer og steiker i ovnen – så har du frukost, lunsj, matpakke, turmat eller lettvint middag i kjøleskapet! Dei holder seg fint i fleire dager, og nettopp derfor er dei fine å lage opp ein kveld, og ha i matpakken resten av veka 🙂
Foto: Jon Marius Nilsson
Omelettmuffinsane er supre å variere etter kva ein liker og har tilgjengelig 🙂 Bruk gjerne andre typer kjøtt, grønnsaker og/eller urter etter smak og behag. Ingredienslista mi er kun ein av mange muligheter! Kva med blomkål istedenfor brokkoli? Rester etter laksemiddagen istedenfor spekeskinke/skinke? Ein vegetarvariant med potetbiter og fetaost istedenfor kjøtt? Kun fantasien setter grenser!
Foto: Jon Marius Nilsson
Du treng, 8-10 stk ♦ 6 store egg (evt. 8 små) ♦ 2 ss kesam (evt. eit ekstra egg) ♦ 100 g spekeskinke eller skinke ♦ 1 neve spinat ♦ 1⁄2 paprika ♦ 1⁄3 brokkoli ♦ 1⁄2 dl melk eller vatn ♦ salt og pepper ♦ olje/smør
Slik gjer du: 1. Sett ovnen på 175 grader over­ og undervarme. Smør silikon­ former med litt olje eller smør.
2. Visp egg, kesam, væske og hakka spinat i ein bolle. Fordel bitar av speke­ skinke, brokkoli i bukettar og grovhakka paprika i silikonformene, spar litt til pynt. Hell over eggeblandinga og topp med resten av spekeskinka, brokkoli og paprika.
3. Steik eggemuffinsane midt i ovnen i 20–25 minutt, eller til eggeblandinga er fast. Avkjøl og oppbevar i kjøleskap.
Foto: Jon Marius Nilsson
Det er ikkje første gang eg deler oppskrift på omelettmuffins, eller eggemuffins som eg har døypt dei tidligare i 2014. Superpopulær oppskrift som har blitt en suksess i mange heimer – for både store og små 😀
Dei har til og med fått en hedersplass i boka mi, også døypt som eggemuffins♥
Og med det skyter eg inn litt #EGENREKLAME! Opptur med sunn mat fyller 1 år no i januar, og dette er boka for deg som ønsker inspirasjon til sunne, ­enkle og varierte oppskrifter til ­dagens måltid. Her finn du nemlig 80 spennande oppskrifter på både frukost, matpakker, middagar og sukker­frie alternativ til det søte 🙂
I tillegg kan du bruke boka som eit verktøy for å komme i gang med kost­halds­endringar. Eg ­deler mine beste tips for eit sunnare matvalg, gir konkrete anbefalingar og motivasjonstriks som er enkle å følge. Perfekt for deg som treng ein dytt i riktig retning, eller som ­ønsker å holde på dei gode vanane. Boka mi kan du bestille frå Frisk Forlag sine heimesider HER. Ingen ekstra kostnad med frakt 🙂 Boka finnes også i dei fleste bokhandlere (spørr etter den! ALLE har mulighet til å ta den inn).
Foto: Jon Marius Nilsson
Velbekomme – håper omelettmuffins kan friste!
Nyt onsdagen 🙂

God onsdag!

Kvardagen er godt i gang igjen, og med det har eg eit supert matpakketips til dokke idag: OMELETTMUFFINS♥ Dette er rett og slett omelett i muffinsformer som du kan lage ulike smaker og varianter på. Du mikser sammen ingredienser, har alt i muffinsformer og steiker i ovnen – så har du frukost, lunsj, matpakke, turmat eller lettvint middag i kjøleskapet! Dei holder seg fint i fleire dager, og nettopp derfor er dei fine å lage opp ein kveld, og ha i matpakken resten av veka 🙂

Sanity Image

Foto: Jon Marius Nilsson

Omelettmuffinsane er supre å variere etter kva ein liker og har tilgjengelig 🙂 Bruk gjerne andre typer kjøtt, grønnsaker og/eller urter etter smak og behag. Ingredienslista mi er kun ein av mange muligheter! Kva med blomkål istedenfor brokkoli? Rester etter laksemiddagen istedenfor spekeskinke/skinke? Ein vegetarvariant med potetbiter og fetaost istedenfor kjøtt? Kun fantasien setter grenser!

Sanity Image

Foto: Jon Marius Nilsson

Du treng, 8-10 stk
♦ 6 store egg (evt. 8 små)
♦ 2 ss kesam (evt. eit ekstra egg)
♦ 100 g spekeskinke eller skinke
♦ 1 neve spinat
♦ 1⁄2 paprika
♦ 1⁄3 brokkoli
♦ 1⁄2 dl melk eller vatn
♦ salt og pepper
♦ olje/smør

Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 175 grader over­ og undervarme. Smør silikon­ former med litt olje eller smør.

2. Visp egg, kesam, væske og hakka spinat i ein bolle. Fordel bitar av speke­ skinke, brokkoli i bukettar og grovhakka paprika i silikonformene, spar litt til pynt. Hell over eggeblandinga og topp med resten av spekeskinka, brokkoli og paprika.

3. Steik eggemuffinsane midt i ovnen i 20–25 minutt, eller til eggeblandinga er fast. Avkjøl og oppbevar i kjøleskap.

Sanity Image

Foto: Jon Marius Nilsson

Det er ikkje første gang eg deler oppskrift på omelettmuffins, eller eggemuffins som eg har døypt dei tidligare i 2014. Superpopulær oppskrift som har blitt en suksess i mange heimer – for både store og små 😀

Dei har til og med fått en hedersplass i boka mi, også døypt som eggemuffins♥

Sanity Image

Og med det skyter eg inn litt #EGENREKLAME! Opptur med sunn mat fyller 1 år no i januar, og dette er boka for deg som ønsker inspirasjon til sunne, ­enkle og varierte oppskrifter til ­dagens måltid. Her finn du nemlig 80 spennande oppskrifter på både frukost, matpakker, middagar og sukker­frie alternativ til det søte 🙂

I tillegg kan du bruke boka som eit verktøy for å komme i gang med kost­halds­endringar. Eg ­deler mine beste tips for eit sunnare matvalg, gir konkrete anbefalingar og motivasjonstriks som er enkle å følge. Perfekt for deg som treng ein dytt i riktig retning, eller som ­ønsker å holde på dei gode vanane.

Boka mi kan du bestille frå Frisk Forlag sine heimesider HER. Ingen ekstra kostnad med frakt 🙂 Boka finnes også i dei fleste bokhandlere (spørr etter den! ALLE har mulighet til å ta den inn).