Annonse
15. mars 2019
Havrekjeks med eple & kanel
/Bildene av havrekjeksa er tatt av Jon Marius Nilsson
Det er fredag! Fredagsfølelsen er alltid like god, er de ikkje einige?
Vekas oppskrift til helga er havrekjeks med eple og kanel. Desse delte eg for første gang tilbake i 2015 HER, og det er ei skikkelig populær oppskrift her på bloggen. Eg valgte til og med å ta med oppskrifta i boka mi OPPTUR MED SUNN MAT, som gjorde til at havrekjeksa blei enda meir populære!
Havrekjeksa er søte og sunne, med en mjuk, saftig kjerne, og sprø kanter. Skikkelig smakfulle og gode kjeks som passer like godt til søndagsturen som til kaffikoppen, mellommåltid eller kveldskosen 🙂 Du kan fint lage dei uten helsekostprodukter og kan finne alle ingrediensane på dagligvarebutikken:

Du treng, 10 stk
2,5 dl lettkokte havregryn
3 ss valgfritt mjøl
1,5 ts kanel
2 ts ekte vaniljepulver (eller frø fra 2 vaniljestenger)
4 ss flytande honning eller fibersirup gold
1 egg
2 ss smør, smelta
1 eple, raspa
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 200 grader over og undervarme. Bland saman dei tørre ingrediensane før du tilsett honning/fibersirup, egg, smelta smør og raspa eple.
2. Fordel klattar av blandinga på eit steikebrett med bakepapir og trykk lett flate. Steik midt i ovnen i 15–20 minutt, til dei har fått ein lett gyllen farge. Pass på å ikkje steike havrekjeksa for lenge, då blir dei tørre.
3. Avkjøl først litt på steikebrettet, deretter på rist. Oppbevar i bakepapir på kjøkkenbenken. Kjeksa smaker best ferske, men held seg eit par dagar.

Kjeksa er uten sukker og kan fint lagast uten gluten (bruk glutenfritt, valgfritt mjøl) og uten melk (bruk melkefri margarin).
Flytande honning/fibersirup gold kan byttast med anna type søtning etter smak og behag. Eg har ofte laga desse med sukrin gold, og det fungerer like fint. Bruk det du liker og har tilgjengelig 🙂

En storfavoritt gjennom fleire år – kanskje enda fleire får smaken på desse?
Dei er både raske og enkle å slenge sammen, og det er vell kanskje så sannsynlig at alle ingrediensane er i hus frå før 🙂
Då gjenstår det å ønske dokke alle ei riktig fin helg! Eg kryssa fingrane for ei ny helg med sol frå blå himmel, pudderalarm i fjellet og toppturski på beina;



#mittvestland♥
Nyt helga, godtfolket!
Annonse