Linda Stuhaug

Annonse

22. november 2018

Heimelaga, sunn pizza med proteinrik havrebunn

Hei godtfolk!
Det er både superenkelt og skikkelig digg å lage ein heimelaga pizza av den sunnare typen. Eg har nokre forskjellige oppskrifter på pizzabunner her på bloggen no, men dagens variant er heilt ny 🙂 Eg har laga denne i fleire år sjølv, men aldri fått ut fingeren og delt oppskrifta med dokke. Det er på høg tid!
Dette er ein proteinrik havrebunn med cottage cheese, havre og egg som hovedingredienser. Nesten for sunt til å vere godt? Neida, det er virkelig heilt fantastisk digg! Pizzabunnen lager du på 1-2-3, og deiga treng verken elting eller heving. Alle ingrediensane finner du på dagligvarebutikken og det er absolutt ikkje noko hokus-pokus. Deiga smørast utover bakepapiret, forsteikast og deretter topper du med akkurat det fyllet du ønsker 🙂
Pizzabunnen er relativt mektig og næringsrik, ettersom den består av 100% havre. Det betyr også at den er så grov som du kan få det. Men veit du kva? Det kjennes absolutt ikkje ut som det! Pizzabunnen blir både luftig, saftig og godt sprø i kantane. Dette er pizza som passer både kvardag og helg, store og små 🙂
Til en pizzabunn treng du: 400 g (1 stort beger) original cottage cheese 300-350 g havregryn eller havremjøl* 3 egg 1 ss bakepulver 1 ts salt 0,5 dl vatn
Slik gjer du: Visst du bruker havregryn: ha alle ingrediensane i en bolle og kjøt blandinga heilt glatt med stavmiksar. Visst du bruker havremjøl: ha alle ingrediensane utenom havremjølet i en bolle, kjør blandinga heilt glatt med stavmiksar, bland deretter inn havremjølet.
La den klissette deiga svelle i 10 minutt. Bre deiga utover eit steikebrett med bakepapir, jamnt og tynt. Forsteik pizzabunnen på 180 grader varmluft i ca. 15 minutt, eller til den er godt gyllen og sprø. I mellomtida lager du klart fyllet.
*du bruker naturligvis glutenfritt havregryn/havremjøl for 100% glutenfri pizzabunn.
Du kan sjølvsagt bruke akkurat det fyllet du ønsker! Om du vil lag ein digg tomatbasert kjøttsaus, om du vil ha kvit pizza med spekeskinke, kylling eller skinke, om du vil lage vegetarpizza med godt fyll… Bruk fantastien!
Pizzafyllet eg brukte: Pizzasaus Karbonadedeig Spinat, rødløk, paprika Revet ost Pepperoni
Slik gjorde eg: Smurte pizzasausen over bunnen, toppa med stekt karbonadedeig (med litt krydderier), grønnsaker, revet ost og til slutt pepperoni.
Steik pizzaen på 180 grader varmluft eller 200 grader over-undervarme til osten er smelta og gyllen. Server!
Topp gjerne pizzaen med litt ruccola, server med en fargerik salat (og eventuelt en digg dressing) – så måltidet er komplett♥
Du kan bruke både kjøpt og heimelaga tomatsaus. Eg lage min på slump av hakka tomater, tomatpurè, kvitløk, sjalottløk, friske urter (basilikum, men oregano er også godt), salt og pepper. Hadde eg hatt fersk chili hadde eg også brukt litt av det 🙂
Heimelaga, sunn pizza på sitt beste! Denne varianten håper eg fleire har lyst å prøve seg på 🙂 Det nærmer seg helg, så kanskje det frister med pizza til helgemiddagen? Hugs at eg alltid blir glad for tilbakemeldinger på oppskriftene de prøver ut!
Følg meg gjerne på instagram (lindastuhaug) for mykje sunn matinspirasjon og glimt av min kvardag. Daglig inspirasjon deler eg også på Facebook-sida mi som du kan følge HER.

Hei godtfolk!

Det er både superenkelt og skikkelig digg å lage ein heimelaga pizza av den sunnare typen. Eg har nokre forskjellige oppskrifter på pizzabunner her på bloggen no, men dagens variant er heilt ny 🙂 Eg har laga denne i fleire år sjølv, men aldri fått ut fingeren og delt oppskrifta med dokke. Det er på høg tid!

Dette er ein proteinrik havrebunn med cottage cheese, havre og egg som hovedingredienser. Nesten for sunt til å vere godt? Neida, det er virkelig heilt fantastisk digg! Pizzabunnen lager du på 1-2-3, og deiga treng verken elting eller heving. Alle ingrediensane finner du på dagligvarebutikken og det er absolutt ikkje noko hokus-pokus. Deiga smørast utover bakepapiret, forsteikast og deretter topper du med akkurat det fyllet du ønsker 🙂

Sanity Image

Pizzabunnen er relativt mektig og næringsrik, ettersom den består av 100% havre. Det betyr også at den er så grov som du kan få det. Men veit du kva? Det kjennes absolutt ikkje ut som det! Pizzabunnen blir både luftig, saftig og godt sprø i kantane. Dette er pizza som passer både kvardag og helg, store og små 🙂

Sanity Image

Til en pizzabunn treng du:
400 g (1 stort beger) original cottage cheese
300-350 g havregryn eller havremjøl*
3 egg
1 ss bakepulver
1 ts salt
0,5 dl vatn

Slik gjer du:
Visst du bruker havregryn: ha alle ingrediensane i en bolle og kjøt blandinga heilt glatt med stavmiksar. Visst du bruker havremjøl: ha alle ingrediensane utenom havremjølet i en bolle, kjør blandinga heilt glatt med stavmiksar, bland deretter inn havremjølet.

La den klissette deiga svelle i 10 minutt. Bre deiga utover eit steikebrett med bakepapir, jamnt og tynt. Forsteik pizzabunnen på 180 grader varmluft i ca. 15 minutt, eller til den er godt gyllen og sprø. I mellomtida lager du klart fyllet.

*du bruker naturligvis glutenfritt havregryn/havremjøl for 100% glutenfri pizzabunn.

Sanity Image

Du kan sjølvsagt bruke akkurat det fyllet du ønsker! Om du vil lag ein digg tomatbasert kjøttsaus, om du vil ha kvit pizza med spekeskinke, kylling eller skinke, om du vil lage vegetarpizza med godt fyll… Bruk fantastien!

Pizzafyllet eg brukte:
Pizzasaus
Karbonadedeig
Spinat, rødløk, paprika
Revet ost
Pepperoni

Slik gjorde eg:
Smurte pizzasausen over bunnen, toppa med stekt karbonadedeig (med litt krydderier), grønnsaker, revet ost og til slutt pepperoni.