Annonse
9. mai 2018
Proteinrike havrerundstykker med chiafrø

God onsdag!
Håper alle har en fin dag så langt! Her skinner sola, og sjølv om det er litt surt å sitte inne med oppgava mi, så er det digg å tenke på at dagens luftetur kjem til å gjere ekstra godt 🙂
Det begynner å samle seg opp den del ulike varianter av desse proteinrike havrerundstykkene her på bloggen. Ikkje berre er dei lage i både brød, scones, langpannebrød også vidare, men eg varierer også litt med ulike tilsetninger og smaker. Idag har eg en ny vri til dåkke, nemlig proteinrike havrerundstykker med chiafrø:

Her har eg altså bytta ut deler av havregrynet/havremjølet med chiafrø. Chiafrø gir ikkje fra seg noko smak, men som mange av dåkke sikkert veit, så er chiafrø eit skikkelig superfrø med masse næring, i tillegg gir det en ekstra saftighet til rundstykka! Chiafrø får du kjøpt på dei aller fleste dagligvarebutikker med godt utvalg, ellers finner du det garantert på helsekostbutikk.

Proteinrike havrerundstykker med chiafrø, 12 stk
4 egg
400 g (1 stor boks) cottage cheese
100 g original kesam
4 ss chiafrø
1 ss bakepulver
1 ts salt
200 g havremjøl*
200 g havregryn*
* bruk glutenfri havregryn og havremjøl for glutenfritt resultat.
PS! Har du ikkje chiafrø? Bruk 100 g ekstra havremjøl!

Slik gjer du:
1. Ha egg, cottage cheese og kesam i en bolle, kjør blandinga heilt glatt med stavmikser. Tilsett chiafrø, havregryn, bakepulver og salt, rør godt. La blandinga stå i minst 15 minutt (dette er for at chiafrøa skal få svelle).
2. Bland deretter inn havremjøl. Eg pleier å kna havremjølet inn med hendene. La deiga svelle eit par minutter, før du før du former til 12 rundstykker med våte hender. Legg på eit steikebrett med bakepapir. Du kan godt pensle med egg/melk/vatn og strø over litt havregryn, frø eller kjerner på toppen. PS! med våte hender skal rundstykka sjå ut som på bildet før steiking. Er deiga veldig laus, tilsett litt meir havremjøl.
3. Steik midt i ovnen, 180 grader i ca. 15-25 minutter, eller til rundstykka har fått en gyllen farge og er gjennomstekt (sjekk også undersida av rundstykka). Avkjøl på rist. Rundstykka held seg ferske i minst 3 dager.

Perfekte til frukost, i matpakken, tilbehør til middagen eller kveldsmat. Desse har eg ofte med som turmat også, og dei passer med både salt og søtt påølegg.

Rundstykka kan fint frysast! Dei smaker absolutt like godt etter frysing, så lag gjerne dobbel porsjon når du først er i gang – og frys ned halvparten 🙂

Rundstykker som passer både små og store mager – prøv desse til barna også!

Og som dei fleste veit som har laga slike typer rundstykker før – resultatet blir supersaftig og dei er veldig gode. Nam!

Imorgon er det jo Kristi himmelfartsdag og du har kanskje fri? Lag desse til frukost for heile familien! Smaker fantastisk godt nybakte 🙂 TIPS! Lag klar deiga ikveld, så gjenstår det kun steiking på morgonkvisten, så har du rundstykker på under halvtimen!
Velbekomme♥
Annonse