Annonse
4. desember 2017
Sukkerfri, sprø havreflarn
Riktig god mandag!
Det er vell innafor å starte veka med litt julekaker? 🙂 Det synes eg så absolutt no i desember!
Dagens oppskrift er sukkerfri, sprø havreflarn – som også med eit par justeringer lages både glutenfrie og/eller melkefrie for dei har behov for det. Superenkle å lage, supergode å ete.
PS! I slike oppskrifter som denne (småkaker) utgjer sukrin ein relativt stor del av tørrvarene. I desse oppskriftene er det dessverre nokon som kjenner ein kald/isande ettersmak av ferdig resultat.

Du trenger, 25-30 stk
100 g havregryn, lettkokte
100 g smør, smelta*
1 egg
60 g sukrin gold
20 g sukrin+
1 ts bakepulver
1 strøken ss valgfritt mjøl*
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 200 grader, over-undervarme. Ha havregryn i en bolle. Smelt smør, hell over havregryna og la det stå i 5-10 minutt å svelle.
2. I mellomtida pisker du egg, sukrin gold og sukrin+ til en luftig og lysare eggedosis med miksmaster*.
3. Rør eggedosisen inn i havregrynsblandinga. Tilsett bakepulver og mjøl og vend godt sammen.
4. Legg deiga som små klatter på steikebrett med bakepapir. Hugs mellomrom, massen vil flyte utover! Steik midt i ovnen i 6-8 minutt, eller til havreflarna er gylne i kantane. Følg med, for steiketida vil variere fra ovn til ovn.
5. La havreflarna avkjøle seg litt på steikebrettet, deretter på rist til dei er heilt avkjølte.

Tips og alternativer*
– Som valgfritt mjøl anbefaler eg speltmjøl, kveitemjøl eller eventuelt havremjøl/bokkvetemjøl om du må ha glutenfri havreflarn (og bruk glutenfri havregryn, naturligvis).
– Eggedosis av sukrin blir ikkje heilt det samme som med sukker, men den skal bli luftig og lysare i fargen. Dette tar litt tid med miksmaster, heller litt for lenge enn litt for kort!
– Må du ha 100% melkefri havreflarn? Bytt ut smør med melkefri margarin.
Lurer du på ingrediensane i innlegget? Les innlegget «Her er ingrediensane du treng for å lage sukkerfri/sunnare julekaker» 🙂

Oppbevar havreflarna i kakeboks. Dei blir litt sprøare når dei oppbevares, men det er jo berre godt 🙂 Kan fint stå i minst 2 veker.

Eg synes havreflarn er veldig gode for seg sjølv, men å lage sjokoladeflarn er også knallgodt;


Velbekomme og håper det smaker <3
Annonse