Annonse
30. januar 2020
Mitt ALLER beste kostholdstips!

Skal eg fortelle dokke kva mitt ALLER beste kostholdstips er?
Dette er nemlig noko eg støtt og stadig får spørsmål om. Eg er ein person med ein enormt stor lidenskap for mat, ernæring, helse og aktiv livsstil, og denne lidenskapen deler eg med alle dokke i mine sosiale kanaler og bøker. På baken har eg ein god del erfaring med omlegging av kosthold og livstil, både på meg sjølv og andre. Sjølv har eg gått fra å vere lat og overvektig med eit dårlig kosthold, til å bli overtrent, undervektig med eit fanatisk forhold til mat. Å jobbe seg mot eit sunn og balansert livvstil etter å ha vore i begge endene av skalaen var ingen dans på roser. Men, eg er utrulig takknemlig for reisa eg har vore på, for den har på alle måter ført meg hit eg er idag. Ikkje berre som person, men også med bloggen min, bøkene mine, lidenskapen min, ernæringsutdannelsen min og alt eg jobber med idag♥
Så kva har eg alt-i-alt erfart er det aller beste kostholdstipset? Kva har eg erfart – både på meg sjølv og andre – er det aller flest feiler på? Mitt aller beste kostholdstips er rett og slett:
DET MÅ IKKJE VERE ALT ELLER INGENTING!
Man har ein tendens til å tenke at det må vere enten eller. Ein livsstil må ikkje vere sunn ELLER usunn. Eit kosthold må ikkje bestå av ja-mat ELLER nei-mat. Det må ikkje vere ingen sjokolade ELLER heile plata.
Heile dagen er ikkje ødelagt fordi du tok deg en twix til lunsj. Det er ikkje nødvendig å gi faen resten av veka fordi du spiste dessert på en mandag. Måneden er ikkje bortkasta fordi du avslutta litt skeivt. Det sunne året 2020 er ikkje gått i vasken fordi januar ikkje gjekk heilt som planlagt.

Bli medlem og få tilgang til alle mine innlegg!
Medlemsfordeler
- Full tilgang til alle oppskrifter og artikler
- Reklamefritt innhold
- Støtt arbeidet med å skape kvalitetsinnhold
Annonse