Halloumisalat med bakte rødbeter & honningrista pecannøtter

God mandag!

Mandager er som alltid kjøttfri her på bloggen, og idag serverer eg ein nyyydelig halloumisalat til dåkke! Eg har laga den med bakte rødbeter, mango, diverse andre grønnsaker og ikkje minst: honningrista pecannøtter. Ein skikkelig god kombinasjon♥

Halloumisalaten passer like godt til lunsj som middag, alt etter kva ein foretrekker. Server gjerne med godt brød om ønskelig, eller gjer som sambuaren min gjorde: pakk ingrediensane inn i grove wraps 🙂

For dei som ikkje er kjent med halloumi: halloumi er ein type ferskost med fast konsistens, som kan steikast på samme måte som eit stykke kjøtt. Den kan ikkje sammenlignast med nokon anna type ost, og har ein heilt særegen smak og konsistens. Den passer perfekt å bruke i salater, i burger, i wraps m.m, og den er å få tak i på dei aller, aller fleste dagligvarebutikker (visst ikkje er det berre å spørre om butikken kan ta det inn).

Så, over til oppskrifta:

Du trenger, 2-3 personer:
♦ 200 g halloumi
♦ 500 g ferske rødbeter + litt olje
♦ 1 hjertesalat
♦ 1 moden mango
♦ litt agurk og paprika
♦ 3 never (ca. 60-70 g) pecannøtter eller valnøtter
♦ 2 ss honning
♦ litt maldonsalt

Slik gjer du:
Start med rødbetane. Skrell og del opp i biter. Vend inn litt olje og salt, steik midt i ovnen på 200 grader i 30-40 minutt, til rødbetane er møre. I mellomtida gjer du klart resten.

Ha nøtter og honning i ei steikepanne på middels varme. Rør ofte og la nøttene karamellisere seg i søtningen til dei begynner å bli gylne. Ha deretter nøttene over på eit bakepapir og avkjøl.

Skjær halloumi i tynne skiver, steik på middels varme i steikepanna med litt smør til en gyllen farge på begge sider.

Derette er det berre å fylle ei stor skål med oppkutta grønnsaker, mango, bakte rødbeter, steikt halloumi og dei karamelliserte pecannøttene!

Ser godt ut, ikkje sant? Eg berre elska halloumi!

Håper du er frista til å prøve, enten denne varianten – eller lag din egen vri med dei grønnsakene du ønsker 🙂

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *