Slik lager du verdens beste graut – byggrynsgraut!

Dei som har fulgt meg på instagram lenge veit nok at eg er skikkelig, skikkelig glad i byggrynsgraut. Det er etter mi meining verdens beste graut, og eg kjøper støtt og stadig Fjordland sin variant som eg berre varmer i mikroen… Fordi det er lettvint, sunt og godt (består kun av byggryn, melk og salt, så ikkje noke dårligare alternativ enn heimelaga variant) 🙂

MEN, det er og utrulig enkelt å lage byggrynsgraut sjølv! Du trenger nettopp kun byggryn, melk og salt – og det er perfekt å lage opp ein stor kjele når du først er i gang. Grauten er like god å ete kald eller varme opp igjen dagane etterpå 🙂

Byggryn er den kornsorten det dyrkast mest av i Norge, og er eit kjempegodt, veldig sunt og næringsrikt kornslag som er veldig anvendelig. Ved å bruke byggryn i graut så får du ein graut med mykje meir konsistens sammenligna med risgraut eller havregraut. Anbefalast virkelig å prøve 🙂

Du trenger, 4-6 porsjoner:
♦ 4 dl byggryn
♦ 2 liter melk, helst heilmelk
♦ 1 ts salt

Slik gjer du:
1. Legg gjerne byggryn i vatn kvelden før, eventuelt på morgonen om du skal lage grauten på ettermiddag/kveld.

2. Hell av vatnet og kok opp grauten med melk.

3. La grauten småkoke i 30-40 minutt, til ein fyldig krema konsistens. Hugs å røre innimellom.

Voila – server byggrynsgrauten i ei skål med valgfri topping♥

Ingenting i veien for å halvere eller eventuelt doble oppskrifta, alt etter kor mykje du vil lage!

For min del er det ingenting anna enn smør, sukker/sukrin og kanel som blir brukt på varm graut, men liker du frukt, bær, nøtter, nøttesmør etc. så er det heilt supert å bruke det og.

Håper du er inspirert og har lyst å lage heimelaga byggrynsgraut du også 🙂 Og visst ikkje, så er Fjordland sin knallgod og veldig lettvint. Ein storfavoritt hos meg vertfall!

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *