Linda Stuhaug

Annonse

Grove polarbrød på 1-2-3

Grove polarbrød på 1-2-3
Vi snakka heimelaga, grove polarbrød i ekspressfart!
Polarbrød lagast vanligvis av med gjærdeig, men når eg ville ha polarbrød som tilbehør til middagen for ei stund tilbake, så hadde eg ikkje tid eller tålmodighet til elting og heving. Då var løysinga ganske så enkel; lage polarbrød slik som ein lager scones med bakepulver som hevemiddel…
Kort forklart er prosessen slik; 1) Rør saman ingrediensane 2) Form til polarbrød med det samme 3) Steik polarbrød 4) Ferdig resultat; luftige, saftige og grove polarbrød på 1-2-3.
Eg har laga desse grova polarbrøda med havre og spelt, men her kan du mikse og trikse med andre typer tørrvarer som du liker/tåler. Bruk gjerne sammalt og sikta kveitemjøl framfor speltmjøl, kombiner med rugmjøl eller andre mjøltyper…
For glutenfri polarbrød kan du for eksempel bruke 170 g (glutenfritt) havremjøl og 200 g valgfri, lys glutenfri mjøltype.
For laktosefri polarbrød bruker du enkelt og greit laktosefri melk, og for melkefri polarbrød bruker du alternativ melk og melkefri margarin istedenfor smør.
Grove ekspress polarbrød, 10 stk 120 g havremjøl 100 g sammalt speltmjøl 150 g sikta speltmjøl 50 g smør, smelta 2 dl melk 2 ts bakepulver 1/2 ts salt
Slik gjer du: Sett ovnen på 200 grader, over-undervarme. Bland saman tørrvarene, tilsett deretter smelta smør og melk. Bland saman til en deig. Juster eventuelt med litt meir tørrvare om nødvendig.
Del deiga opp i 10 emner. Rull til boller og bruk deretter ei kjevle til å kjevle dei runde og flate (ca. 0,5-1 cm tjukke). Bruk gjerne litt mjøl på kjøkkenbenken. Legg emnene på eit steikebrett med bakepapir og prikk dei med en spisepinne eller lignande.
Steik polarbrøda midt i ovnen i 6-8 minutt, eller til polarbrøda er lett gylne under. Pass på å ikkje steike for lenge, då blir dei tørre. Avkjøl på rist.
Polarbrøda er definitivt best ganske så ferske, men kan oppbevarast eit par dager i plast. Utover dette anbefaler eg å fryse polarbrøda og heller ta opp etterkvart 🙂 Tin dei gjerne litt i ovnen eller brødristaren, så smaker dei som nybakte♥
Nyt polarbrød til frukost, lunsj, i matpakken eller som turmat med både salt og søtt pålegg. Polarbrød passer også som tilbehør til suppe og salater med smør eller kremost. Vil du lage en rask og enkel pizza er også polarbrød supert å bruke som pizzabunn, og toppe med det du måtte ønske 🙂
Frista til å prøve? Eg håper det!
Fortell meg gjerne kva du liker best å bruke polarbrød til 🙂

Vi snakka heimelaga, grove polarbrød i ekspressfart!

Polarbrød lagast vanligvis av med gjærdeig, men når eg ville ha polarbrød som tilbehør til middagen for ei stund tilbake, så hadde eg ikkje tid eller tålmodighet til elting og heving. Då var løysinga ganske så enkel; lage polarbrød slik som ein lager scones med bakepulver som hevemiddel…

Sanity Image

Kort forklart er prosessen slik;
1) Rør saman ingrediensane
2) Form til polarbrød med det samme
3) Steik polarbrød
4) Ferdig resultat; luftige, saftige og grove polarbrød på 1-2-3.

Sanity Image

Eg har laga desse grova polarbrøda med havre og spelt, men her kan du mikse og trikse med andre typer tørrvarer som du liker/tåler. Bruk gjerne sammalt og sikta kveitemjøl framfor speltmjøl, kombiner med rugmjøl eller andre mjøltyper…

For glutenfri polarbrød kan du for eksempel bruke 170 g (glutenfritt) havremjøl og 200 g valgfri, lys glutenfri mjøltype.

For laktosefri polarbrød bruker du enkelt og greit laktosefri melk, og for melkefri polarbrød bruker du alternativ melk og melkefri margarin istedenfor smør.

Sanity Image

Grove ekspress polarbrød, 10 stk
120 g havremjøl
100 g sammalt speltmjøl
150 g sikta speltmjøl
50 g smør, smelta
2 dl melk
2 ts bakepulver
1/2 ts salt

Slik gjer du:
Sett ovnen på 200 grader, over-undervarme. Bland saman tørrvarene, tilsett deretter smelta smør og melk. Bland saman til en deig. Juster eventuelt med litt meir tørrvare om nødvendig.