Annonse
5. oktober 2018
Nysvorsk?
God fredag fra regnfulle Førde!
Mitt Vestland med det rare språket…. Ja, for av og til kan det faktisk høyres ut som at nynorsk er eit eget fremmedspråk her i landet. Nynorsk? Eller var det nysvorsk?
«Synes du kan holde den nysvorsken din for deg selv, og heller skrive så alle skjønner deg på bloggen 🙂 »
Denne kommentaren er lenge sida eg fekk, men eg hugser den så godt fordi eg braut ut i ein skikkelig latterkrampe. Så morsomme folk er!

Det har seg nemlig slik at opp til fleire ganger i veka får eg tilbakemeldinger på skriftsråket mitt. Ja, eg skriver nynorsk – eller dialekt – og har alltid gjort det. Eg velger å ta dette opp litt kortfatta her idag, rett og slett for å gjere det klart og tydelig at eg aldri kjem til å skifte skriftspråket mitt verken her på bloggen eller i mine kommande bøker.
I sommar sendte Frisk Forlag ut ein liten spørreundersøkelse på mail til alle som hadde bestilt boka mi OPPTUR MED SUNN MATvia heimesida deiras. Det var blant anna spørsmål som kva likte du best med boka og kva kunne vore betre. På sistnevnte spørsmål fikk eg blant anna svaret «Boken hadde vært bedre om det var skrevet på bokmål». Altså… Eg klarer ikkje heilt å skjønne korleis ei bok kan bli BEDRE av at den står på eit anna skriftspråk? Innholdet er jo akkurat det samme! PS! Boka kan du bestille HER (egenreklame).

Dette var faktisk noko av det første er klarerte med forlaget i starten bokprosessen for 2 år sidan. Å skrive bokmål var ikkje eit alternativ for meg, og det godtok Anders og Lennart med ein gang. No skal det seiast at boka er hakket meir nynorsk enn bloggen min, det er kun nokre få bevisste ord vi har valgt å skrive på bokmål (melk – mjølk, løk – lauk…). Her på bloggen skriver eg meir dialekt, og visst det nokon gang skulle vere noko endring i mitt skriftspråk, så blir det eventuelt til enda meir nynorsk 🙂
Jaja pyttsan. Folk er forskjellige, og folk har meininger om alt. Det får ein alltid kjenne på som bloggar, og det er heilt greit. Nynorsk er meg, og nynorsk er identiteten min. Er det så kritisk for nokon å lese, så finnes jo det eit hav av andre matbloggere ein kan klikke seg innpå 🙂
Eg fortsetter med nysvorsken mi framover og vil ønske dåkke alle ei riktig god helg♥
Annonse