Linda Stuhaug

15. april 2019

Sukkerfri, saftige solskinnsboller

Sukkerfri, saftige solskinnsboller
God mandag!
Eg vil tru det er mange som allerede har tatt påskeferie? Eg jobber som sagt til onsdag før eg tar nokre dager påskefri, og det blir godt!
Men før den tid tenkte eg å dele oppskrift på blant anna sukkerfri solskinnsboller. Eg har fått fleire spørsmål om eg kan dele oppskrift på sukkerfri, saftige og luftige boller som ein kan ta med på påsketuren, på hytta eller ha til kaffikoppen i solveggen. Det er klart eg kan!
Valget falt på solskinnsboller, men bruk gjerne gjærdeiga som grunnoppskrift og lag andre typar bollar, som skillings­bollar, skulebollar, sjokoladebollar, rosinbollar eller bollekake 🙂
Opppskrifta er henta fra boka miOPPTUR MED SUNN MAT, men det er samme grunnoppskrift som du finner på bloggen fra før i ulike bollevarianter 🙂 Alle foto her i innlegget er tatt av superfotograftJon Marius Nilsson!
Sukkerfri boller med litt meir fiber (ved bruk av fiberfin). Du bestemmer sjølv om du vil bruke speltmjøl eller kveitemjøl – min mage tåler bedre speltmjøl 🙂
Bolledeig, ca. 20 stk 100 g smør 4 dl melk 150 g kesam 1 pk tørrgjær 100 g sukrin+ 2 ss fibersirup gold eller honning 2-3 ts kardemomme 150 g fiberfin (kan byttast med meir speltmjøl/kveitemjøl) 600–700 g fint speltmjøl eller kveitemjøl
Fyll smør, romtemperert sukrin+ og/eller Sukrin Gold kanel
Vaniljekrem Oppskrift under
Slik gjer du: 1. Smelt smør og tilsett melk. La blandinga bli lunken, ca. 40 grader, før du vispar inn tørrgjær. Tilsett deretter Sukrin+, fibersirup/ honning, kardemomme og kesam. Bland godt.
2. Tilsett Fiberfin etterfølgt av litt og litt speltmjøl til deigen blir blank, smidig og lett slepper bollen. Det er betre med litt for lite enn litt for mykje. Elt deigen med kjøkkenmaskin på lav hastighet i ca. 5 minutt.
3. Hev deigen under eit kjøkkenhandkle på ein lun plass til dobbel størrelse, ca. 1–2 timar, alt etter temperatur og kva mjøl du bruker. I mellomtida kan du lage vaniljekrem.
4. Sett steikeovnen på 200 grader over­ undervarme og legg bake­papir på to steikebrett. Kjevle deiga til eit rektangel, ha over smør, Sukrin+ og/eller Sukrin Gold og kanel. Rull saman og skjer i passelege bitar. La bollane etterheve på steikebrettet i ca. 40–60 minutt.
5. Press ei grop i midten av bollane og fyll den med vaniljekrem. Deretter penslar du overflata med lettpiska egg. Steik midt i ovnen til ein gyllen farge, ca. 12–15 minutt. Avkjøl på rist.
6. Lag gjerne melisglasur av sukrinmelis og vatn, eventuelt sukrinmelis og fibersirup clear for betre smak og konsistens. Ha over bollane før servering.
Vaniljekrem 5 dl melk 3 eggeplommer 40 g sukrin+ 2 vaniljestenger 35 g maisenna
Slik gjer du: 1. Ha melk i ein kjele med sukrin+. Del vaniljestengene på langs, skrap ut frøa og ha både dei og stengene i melkeblandinga. Kok opp på svak varme under omrøring, sett deretter til side i 10 minutt. Ta deretter vaniljestengene ut av melkeblandinga.
2. Rør eggeplommer og maisenna klumpfritt i ein bolle. Pisk inn ein tredel av den varme melkeblandinga i bollen, før du heller alt tilbake i kjelen.
3. Kok opp melkeblandinga på nytt på svak varme under omrøring. Trekk til side når den når kokepunktet, då vil den også tjukne. Hell over i ein bolle og avkjøl.
Vaniljekremen er verdens beste (!) og den passer sjølvsagt til alle andre oppskrifter der du bruker vaniljekrem. Eventuelt som tilbehør til frukt & bær♥
Håper bollane ser fristande ut! Desse har fått ein stor tommel opp av mange allerede, og det er ingen tvil om at sukkerfri boller også kan vere suksess hos både store og små 🙂
Nyt mandagen og det fine været!

God mandag!

Eg vil tru det er mange som allerede har tatt påskeferie? Eg jobber som sagt til onsdag før eg tar nokre dager påskefri, og det blir godt!

Men før den tid tenkte eg å dele oppskrift på blant anna sukkerfri solskinnsboller. Eg har fått fleire spørsmål om eg kan dele oppskrift på sukkerfri, saftige og luftige boller som ein kan ta med på påsketuren, på hytta eller ha til kaffikoppen i solveggen. Det er klart eg kan!

Valget falt på solskinnsboller, men bruk gjerne gjærdeiga som grunnoppskrift og lag andre typar bollar, som skillings­bollar, skulebollar, sjokoladebollar, rosinbollar eller bollekake 🙂

Sanity Image

Opppskrifta er henta fra boka miOPPTUR MED SUNN MAT, men det er samme grunnoppskrift som du finner på bloggen fra før i ulike bollevarianter 🙂 Alle foto her i innlegget er tatt av superfotograftJon Marius Nilsson!

Sukkerfri boller med litt meir fiber (ved bruk av fiberfin). Du bestemmer sjølv om du vil bruke speltmjøl eller kveitemjøl – min mage tåler bedre speltmjøl 🙂

Sanity Image

Bolledeig, ca. 20 stk
100 g smør
4 dl melk
150 g kesam
1 pk tørrgjær
100 g sukrin+
2 ss fibersirup gold eller honning
2-3 ts kardemomme
150 g fiberfin (kan byttast med meir speltmjøl/kveitemjøl)
600–700 g fint speltmjøl eller kveitemjøl

Fyll
smør, romtemperert
sukrin+ og/eller Sukrin Gold
kanel

Vaniljekrem
Oppskrift under

Sanity Image

Slik gjer du:
1. Smelt smør og tilsett melk. La blandinga bli lunken, ca. 40 grader, før du vispar inn tørrgjær. Tilsett deretter Sukrin+, fibersirup/ honning, kardemomme og kesam. Bland godt.

2. Tilsett Fiberfin etterfølgt av litt og litt speltmjøl til deigen blir blank, smidig og lett slepper bollen. Det er betre med litt for lite enn litt for mykje. Elt deigen med kjøkkenmaskin på lav hastighet i ca. 5 minutt.

3. Hev deigen under eit kjøkkenhandkle på ein lun plass til dobbel størrelse, ca. 1–2 timar, alt etter temperatur og kva mjøl du bruker. I mellomtida kan du lage vaniljekrem.

4. Sett steikeovnen på 200 grader over­ undervarme og legg bake­papir på to steikebrett. Kjevle deiga til eit rektangel, ha over smør, Sukrin+ og/eller Sukrin Gold og kanel. Rull saman og skjer i passelege bitar. La bollane etterheve på steikebrettet i ca. 40–60 minutt.

5. Press ei grop i midten av bollane og fyll den med vaniljekrem. Deretter penslar du overflata med lettpiska egg. Steik midt i ovnen til ein gyllen farge, ca. 12–15 minutt. Avkjøl på rist.

6. Lag gjerne melisglasur av sukrinmelis og vatn, eventuelt sukrinmelis og fibersirup clear for betre smak og konsistens. Ha over bollane før servering.

Sanity Image

Vaniljekrem
5 dl melk
3 eggeplommer
40 g sukrin+
2 vaniljestenger
35 g maisenna

Slik gjer du:
1. Ha melk i ein kjele med sukrin+. Del vaniljestengene på langs, skrap ut frøa og ha både dei og stengene i melkeblandinga. Kok opp på svak varme under omrøring, sett deretter til side i 10 minutt. Ta deretter vaniljestengene ut av melkeblandinga.